fredag, desember 30, 2005

Noko for deg?


Naustdal kommune lyser ut stillingsannonse, og freistar med litt reklame:

Velkommen til Naustdal kommunebygdekommunen (håpar det skulle vore eit punktum der ein stad) mellom bykommunane Flora og Førde (det er jo reint urbant!) i det største og mest ekspansive (shopping-) bu- og arbeidsområdet i Sogn og Fjordane (Trivselsfylket). Naustdal har bygda sine kvalitetar (det skal vere visst!) og byens tilbod like ved (Tresken, Førde Kroa, Shoppinghus, Trivselsfylkets einaste tre lyskryss, you name it) (...) og gode kommunikasjonar med omverda (sunnfjordekspressen går nesten ein gang i timen!).

Og ikkje gløym: Nord-Europas FIJNASTE badestrond.

Eg dristar meg til å sende ballen vidare til kreksene - Kvinner vert oppfordra til å søkje



onsdag, desember 28, 2005

Julegudsteneste nr 2

Når eg kjem heim til Førde i jula, er det somme ting som er viktige for meg og som eg håper eg ikkje er aleine om å tenke. Eg vil gjerne vise omverda (dvs eks kjærestar, eks medelevar og liknande) at eg har, i motsetnad til dei, kome meg vidare her i livet. Ja, trass i at vi såg kvarandre sist i august, har eg allereie klart å forandre meg så mykje at dei omtrent kan sjå all lærdomen og livsvisdomen i anletet mitt. Den store testen er sjølvsagt julegudstenesta i Førde kyrkje. Eg hadde allereie ein månad tidlegare bestemt kva eg skulle ha på meg. Eg fann sjølvsagt ikkje dei brune støvlettane mine, men dei svarte gamle til mamma var retro nok til at det skulle gå bra. Dessutan var jo min kjære med og feira jul hos oss, og eg dikterte sjølvsagt også kva guten skulle ha på seg. Så begynte alt å gå gale...så fryktelig gale...

Han hadde glømt skjeggtrimmaren sin...difor kjøpte mamma ein frå seg og pappa til han som han fekk opne før sjølve julekvelden. Dette er faktisk første gongen nokon har fått opne ei gåve før juletregongen. Han begynte å bruke maskina, men då halvparten av ansiktshåret var trimma laga den den tristaste lille lyden før den sovna heilt hen. Til slutt fikk han forma det sånn passe til noko som nesten kunne vere ein gotee som han kalla det så fint. Og av stad til kyrkja gjekk det.

Vi kom sjølvsagt seint. Dette er den einaste dagen kyrkja faktisk er full, og eg er stolt av å seie at eg bidreg til dette. "Det er plass framme i koret" sa ein mann som kanskje var kyrkjevergen. Koret? Kvar er det? Framme? Alt er betre enn å stå i trekken ute i gangen, tenkte vi. Der tok vi feil. For andre som ikkje er vande kyrkjegjengarar kan eg opplyse at Koret er ved sidan av altertavla. Dette var absolutt ikkje ein del av planen min! Eg var då ikkje den einaste som syntes dette var pinleg. Den 21 år gamle bror min var også skjemd. Vi fikk heller ikkje songhefte, så vi måtte mumle med så godt vi kunne. Verst var det kanskje for guten min. Første julegudstenesta i Noreg hadde halvt skjegg alà Craig David og satt slik til at heile Førde kyrkje kunne sjå at der var det ein som ikkje hadde vore i kyrkja ofte. Han kunne jo verken liturgien eller salmane! Ikkje ein gong Deilig er jorden...

tirsdag, desember 27, 2005

Stol-krigen

For min eigen del kom eg i motsetning til Hekkan inn på Pikant. Kvelden gjekk mot slutten, det blei trangare, og eg og Frk. Spik fekk karra til oss to stolar som vi satt på for harde livet. På andre sida av bordet satt ein gamal kjenning, då ikkje av det hyggelege slaget. La oss kalle han Kristus Helvetesen. Eg meiner å hugse at han hadde kasta olme blikk i vår retning ei god stund, og når nokre kameratar av denne KH dukka opp, lente han seg tøft over bordet. "ØYH! Dei plassane der var opptatt!", sa han og nikka mot stolane vi hadde rukke å sitte varme. Vi målte kvarandre med blikket. (Kven er tøffast?) Med ei jernkvinnes ro i magen lente eg meg over bordet, og sa avmålt, knapt og med forbausande roleg stemme: "Det kan du berre drite i". Blikk-krigen varte i enno nokre sekund, før han trekte seg tilbake til si side av bordet og nikka. Eg vann stolane. Eg var tøffast, og det kjentes godt.

Kjenn ingen sorg for meg...














Nattelivet i Førde, Trivselsfylket kan igrunnen oppsummerast i sørgeleg få punkt:

  • Splitter Pine, karaokeversjon, Partybussen. (-Høgdepunktet!)
  • - Nei, du må ha billett for å komme inn på Pikant. Og det er utsolgt. ("Jøss - kvifor denne pågangen? Skal Nirvana gjere comeback med orginalbesetning, eller kva honen er greia?)
  • Nei, ingen fleire kjem inn på Tresken. (- Å herregud. Vi er ikkje ein del av Treskens in crowd. Blø, hjerte, blø.)
  • Nachspiel med raudvin, konjakk og Bristol Cream.
  • Tenne eit ljos for ho salig I. Svelge ei tåre og klappe på gravstøtta mens ein dum, teit brølape gaular i telefonen at "Sei til Ole at han skal pule seg i ræva, no kjem eg bortøve!"

O helga natt.

fredag, desember 23, 2005

A kind of Christmas card

Då gjenstår det berre å ynskje alle ei krekseleg jul og eit hekkans nytt år!

onsdag, desember 21, 2005

Reven wapper også nå, med halen under hodet

Om nokon lurte på om det er mogleg å wappe i søvne, så kan eg bekrefte at ja, visst pokker går det an. For nokre dagar sidan vakna eg med ei rar kjensle av å ha gjort noko eg ikke pleier gjere. Eg kikka ned på mobilen, som låg ved senga, og den lyste. Ein sjekk på telenor.no kunne fortelle meg at siste månad har eg wappa for 1,69 kroner.

Fint det, Ida.

søndag, desember 18, 2005

snøen er komen

Det er bra folk flest tar sin del av ansvaret for å få rydda vekk litt av snøen som er komen. Mamma seier det er 40 cm omtrent. http://www.firda.no/nyhende/lokalenyhende/article1873807.ece

lørdag, desember 17, 2005

Noko spesielt

Eg sluttar aldri å forundre meg over folk som insisterer på å bruke ordet spesiell om folk, ting og ymist anna som dei ikkje kan like, forstå eller akseptere.

Døme fra virkelegheita:
  • Ny kjole? Ja, den var spesiell.
  • Ho har ein spesiell form for humor.
  • Kan vi ikkje høyre på litt mindre spesiell musikk?
  • Ho har no alltid vore så spesiell.
  • Her lukta det spesielt.

Uuuhrg. Køyr banalitetstesten, bytt ut ordet spesiell med det motsette, altså generell, og sjå om setningane gjer meining.

Ikkje, nei?

lørdag, desember 10, 2005

Frå barndommen II


Då eg budde heime, og mor framleis dekka frisørutgiftene mine, foreslo ho at eg skulle klippe meg som Sylvia Brustad. På den tida hadde ho omtrent lik sveis som på biletet til venstre, berre kortare i nakken.

Eg nekta, lo og øste meg opp, mens mor insisterte. Likevel vart det altså ikkje Brustad-sveis på meg.

onsdag, desember 07, 2005

SpøkelsesLaden

Hei Bin.

La gå at du har herja rundt og spredd skremsel i fjella i årevis, før du nesten ut av intet sendte jernfuglar inn i Twin Towers. La gå at du valgte å gjere dette på min kjære sin bursdag, slik at han alltid blir møtt med dårleg skjult fnising når han blir avkrevd fødselsdatoen sin. Du kunne no ha funne ein annan dag, men greitt nok. På et vis kan eg forstå at du valgte å handle på det viset, det var ikkje pent mot dei sivile, men du handla vel sikkert i berettiga harme. Og no vil du ha meir olje. Eg mistrur deg litt, og trur du pønskar på noko. Du treng ikkje olje i fjella.

Og olje er som sko; mykje vil rett og slett ha meir. Eg trur ikkje du gjer deg med muslim-olje. Eg er ikkje dum, eg veit at vi har ein del olje igjen, og enda til mang ein blond, bevæpna 20-åring som vimsar rundt i dine trakter. Men eg seier deg ein ting, Bin. Hvis du vågar å kræsje fly på, halshogge, bombe, eller så mykje så mykje som rasle med sabelen i nærheten av nokon av dei eg er glad i, eller kven som helst mann i gata for den saks skuld, skal eg komme og menstruere på bønneteppet dit, på familiekoranen din, og på grava til morra di.

Og eg lovar deg; eg er blond, vantru, og slett ikkje jomfru.

søndag, desember 04, 2005

Ein eller annan taxidum

Eg kjem heim frå byn, vi har klart å praye ein taxki. Men kva møter oss når vi kjem inn i taxien?
eit vennleg spørsmål om kvar vi skal?
om vi har k\hatt ein fin kveld på byn?

NEIDA!

Derimot:
"hvem har fisa i bilen min?"

Vi ler shølvsagt med av vitsen, og Nils skuldar som vanleg på meg...

Eit derimot sintare svar følger:
"hvem har fisa i bilen min?"

hoops, tenkjer eg i mitt stille sinn... Detta var nok ikkje lurt. Saman med rakfisken og eggerøra til frukost i dag. Eg prøvar å smile det vekk. Det er tross alt eg som har minibankkortet med dekning her i kveld, og prøver meg med eit "her er kortet, vi skal til kampen"

drosjesjåføren gir seg ikkje:
"hvem har fisa i bilen min?"

Det er like før eg må overgi meg, eg slapp jo tross alt ein fis (som med stor konsentrasjon har vert holdt inne i heil e kveld) rett før eg satte meg i taxien. Men kan det ha vert så ille? Kan den ha følgt etter meg så lenge?

han gir seg som så sagt ikkje:
"det er arbeidsplassen min, det her!" (i hissig tonefall)
vitsar om at dette "ikkje er riktig arbeidsmiljø - hihihihi" blir etterfulgt av:
*pinleg stille*

*varer heilt til kampen*

POuhg... endeleg er vi framme. Etter intens vinaugslufting hos taxisjåføren og intenst rompeklyping hos passasjerane. Vi kan igjen sleppe fisen fri, berre vi får betalt.

Nils kjem med gullkornet: "Ingvill skal aldri meir prompe i bilen din!"

Sjåføren svarar hissig med "hæ? hæ? HÆ? " I yppar-du-med-meg-tonefall.
"Ingvill skal aldri meir prompe i bilen din!"
"hæ? hæ? HÆ? " - han går ut av taxien og går trugande mot oss...

Vi finn det smart å ta minibankkortet og springe inn i bygården.

Eg har berre dette å seie til mitt forsvar:
det var ikkje med vilje!
Eg visste ikkje at fisen følgte med meg så lenge!

lørdag, desember 03, 2005

Dum, Teit.


Det har vore mange gode kandidatar til denne vekas Dum, Teit. Det har vore mange verdige potensielle vinnarar, og jamnt i teten til siste slutt. Juryen har derfor avgjort at prisen må delast mellom fleire. Denne vekas Dum, Teit går difor til alle statssjefar i alle land som synest det er fint&flott å skyte, henge, steine, drukne, forgifte, kvele, grave ned, gasse, halshogge, eller på nokon annan utspekulert måte eliminere eigne eller andre lands innbyggarar. Kreksene synest dette er skikkelig Dumt og Teit, og vi gratulerer!