søndag, desember 31, 2006

Krekseprisen 2006



Eg vil nominere Olav Stedje til årets motivator. Det kriblar i kroppen av tanken på å avslutte treninga med "Oooo, vi trener saman, eg følgjer kvar du går. OOoo, gje meg handa..."

Forøvrig ser eg at Radio Røynda har kåra "Vi vandrar saman" til tidenes kjærleikssong. Dei meiner den er det største som har skjedd sidan vi fekk innlagt vatn.

lørdag, desember 30, 2006

Krekseprisen 2006

Kreksene ynskjer å gjere ekstra stas på årets Naustedøl. Mange gode kandidatar har utmerka seg. Brufloten er alltid eit sterkt namn, samt salige fru Hansen, hvis gravstein eg snubla i natt til andre juledag.

Prisen går likevel til ei som må seiast å være høgst levande. Ho tek akademia til nye høgder, har trakka 1186 gonger rundt bruene, klappa Pelle fjorten timar i strekk, trenar vekentleg spinning til Olav Stedje, og ein gong kuppa ho eit kommunestyremedlem og krevde å få Brannbilgarasjen til øvingslokale.

Årets Naustedøl er Idunn Litleré, og Kreksene gratulerer!

Krekseprisen 2006

Krekseprisen for beste julesong går til Ebba Grön, med denne songen:

Nu släckas tusen människoliv

Nu släckas tusen människoliv
på jordens mörka rund
och tusen tårar trillar ner
på himlens djupblå grund.

Du stjärna över stockholmshem
låt ditt kalla ljus
få lysa över dom som ej
har nånstan att bo.

I varje hjärta armt och mörkt
blir ensamheten störst
när överflödet väller ut
i signad juletid.

Och över stad och land ikväll
ett stilla stålblå sken
lyser upp vårt vardagsrum
med kalle piff och puff.

(Ebba Grön)

torsdag, desember 14, 2006

Sjå og lær

Den naturlege konsekvensen av å stille småfull på jobb er altså ekstra ferie.

Tipset er notert.

torsdag, desember 07, 2006

hAllerLujah

Når tonane frå Idolsmørklysene Utd si valdtekt av Leonard Cohens "Hallelujah" endeleg hadde forlatt både indre øyre, stigbøyle, ambolt og audio-minne, kva kjem då og øydelegger sjelefreda?

Grøss. Jo.
Ein ny, horribel cover som spelast av via jobbens intranett, der eit kvinnemenneske med småsur, innsmigrande røyst og kassegitar lirer av seg si eiga, private hymne. Til vekebladet Allers.

I staden for Hallelujah - kva kjem? Riktig. Allers. Åååh Allers.

I kid you not.

(Og eg skulle gjerne ha lagt den ut her, men sidan eg er ei litt for lojal arbeiderske, lar eg diskresjonen stoppe meg. Dessutan er eg redd. Kan dei lage ein slik song, veit du aldri kva dei vil finne på neste gong.)