søndag, mai 28, 2006

Skjult reklame!















Er det andre krekser som har oppdaga at Bergensk Fiskegrateng med makaroni frå Lerøy opererar med skjult reklame? Oppe i det venstre hjørnet har nemleg fiskegrateng-produsenten funne det for godt å trykke eit barndomsbilete av idol-Kurt, med fiskegratenggaffelen godt planta i munnen. Biletet er såpass lite, og godt kamuflert av barndommens glans, at det er vanskeleg å oppdage kven som er avbilda når ein sulten står hengande over frysedisken på jakt etter frossenmiddag.

Men vel heime, ved nærmare ettersyn, innser eg at eg har blitt lurt:


Om denne unge guten ikkje er Kurt Nilsen då han var 10 år, så har eg mista dømmekrafta totalt.

Kva er så poenget frå Lerøy si side? Spelar undermedvitet oss eit puss medan vi står der over frysedisken og strevar med valet: "Findus eller Lerøy?" Eg trudde heilt ærleg at det var prisen som avgjorde valet, men kanskje har dei gode minna frå Idol sin spede barndom tatt overhand, og eg har plukka med meg Kurt-gratengen medan eg har nynna "She's so high" for meg sjølv på veg til kassen.




Inspirert av Lerøy sitt noko vel fantasifulle reklamepåfunn, har eg utvikla nokre fiskegrateng-emballasjar som eg meiner hadde hatt større påverknad på mi kjøpelyst enn Kurt-effekten:
































søndag, mai 14, 2006

Då eg møtte Carl Ivar

Økonomi og EDB var slettes ikkje det kjekkaste eg visste. Innimellom vart eg rett og slett overmanna av ei slik ekstrem ulyst på dobbeltime med debit, kredit og den forvorpne eksempelfamilien "Nor", at eg rett og slett måtte gå min veg.

Slik var det ein tidleg haustdag i 1995. Sekk på rygg, og vekk var eg. Då eg kom til torget ved Langebrua, møtte eg ei spredt, lita gruppe med andre skulkande, samt eit og anna surt tryne med Felleskjøpetcaps. Og i utkanten sto ein person som fanga merksemda mi: Han hadde blå, eksklusiv dress. Sko i krokodilleskinn. Fancy solbriller. Og den tynnaste, gulaste, mest impotente rullings du kan tenke deg, som dingla frå den gullbefengte handa. Og brått snudde han seg. Iiik! Redsel og gru! Styggare enn på bilete! For ei straffedom!

Moralen er: Carl I Hagen vil at alle skal ha økonomi og EDB. Straffa for å ikkje ville lære økonomi og EDB er å møte Carl I Hagen.

I røynda er han forresten svært skalla. Eg veit framleis ikkje korleis han klarer å skjule det så godt.

onsdag, mai 10, 2006

Observert

Dette har eg observert dei siste dagane:

: Hotell Cæsar-stjerner tar ikkje hensyn til mjuke trafikantar på veg til jobb. Her om dagen blei eg nesten nedkøyrd av ein bil full av Hotell Cæsar-skodespelarar som hensynslaust og utan å sjå seg for køyrde rett over fortauet eg gjekk på ved Bentsebrua. Klokka var ca 10 over 8 om morgonen. Ikkje veit eg når desse menneska byrjar på arbeidsdagen sin, men noko seier meg at det ikkje kunne vere tid for lunsj enno.

: Oslo er ein by full av gravide kvinner. På båten til Hovedøya på søndag telte eg 8 meir og mindre høggravide kvinner. Prevensjonsbransjen må gjere det dårleg for tida.

: Siv Jensen har fått ufortjent mykje positiv omtale i det siste. Siv Jensen har såvidt eg kan skjøne ikkje fortent nokon positiv omtale i det heile tatt.

: Øl er godt.

tirsdag, mai 02, 2006

Er ingenting heilag lenger?

På sjølvaste dagen, då alle bundne trellar skal reise seg, stryke kristenkorset av sitt flagg og heise det reint og raudt, var det kniktar på ferde. Dei bana seg inn på arbeidsplassen min, der eg daglig er i kontakt med både storkapitalen, kameratar og meg sjølv, og stal det einaste produksjonsmiddelet mitt. Tjuv-kniktar! Aahrg!

Og akkurat då den lekre, sylslanke pcen blei røska ut av veggen og rått bortført av usle revisjonistar, kvar var denne arbeiderska?

Jau, det kan eg fortelle. Sjølv om eg skjems i dag. Eg var her.

Neste år skal eg feire arm i arm med Per Sandberg og Siv Jensen.