søndag, mai 28, 2006

Skjult reklame!















Er det andre krekser som har oppdaga at Bergensk Fiskegrateng med makaroni frå Lerøy opererar med skjult reklame? Oppe i det venstre hjørnet har nemleg fiskegrateng-produsenten funne det for godt å trykke eit barndomsbilete av idol-Kurt, med fiskegratenggaffelen godt planta i munnen. Biletet er såpass lite, og godt kamuflert av barndommens glans, at det er vanskeleg å oppdage kven som er avbilda når ein sulten står hengande over frysedisken på jakt etter frossenmiddag.

Men vel heime, ved nærmare ettersyn, innser eg at eg har blitt lurt:


Om denne unge guten ikkje er Kurt Nilsen då han var 10 år, så har eg mista dømmekrafta totalt.

Kva er så poenget frå Lerøy si side? Spelar undermedvitet oss eit puss medan vi står der over frysedisken og strevar med valet: "Findus eller Lerøy?" Eg trudde heilt ærleg at det var prisen som avgjorde valet, men kanskje har dei gode minna frå Idol sin spede barndom tatt overhand, og eg har plukka med meg Kurt-gratengen medan eg har nynna "She's so high" for meg sjølv på veg til kassen.




Inspirert av Lerøy sitt noko vel fantasifulle reklamepåfunn, har eg utvikla nokre fiskegrateng-emballasjar som eg meiner hadde hatt større påverknad på mi kjøpelyst enn Kurt-effekten:
































2 Comments:

Blogger Frk. Hekkan said...

Fristande! Særleg makaroni, kvit saus og sei med masala står for meg som ein mogleg livrett.

Eg veit dog minst eit par fiskegratengar eg ikkje ville rørt med ildtang.

Til dømes: Bruflotens Fiskegrateng med uvaska truser og jordbærtyggis.

7:56 p.m.  
Blogger Bruno Angelface said...

mmm, sunnfjordsk kreksegrateng med smak av lam & campari? jeg tar to. hvis man samler mange nok krekser, mange nok matglade & strener mot nærmeste nedlagte ferjeleie for en to-ukers cook-out, så begynner det hele attpåtil å lukte skummelt av festival. & som sagt; eg é med!

1:02 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home