onsdag, mars 29, 2006

Den sjuande himmel...

Studentlivet byr på så mange gleder og sorger. Dårleg økonomi, den vanskelege kjærleiken, studier som går på trynet og så vidare og så vidare. På dagar med vanleg Bergensvær, ei krafsande rotte i den nytapetserte veggen, ugjorte lekser og søvnmangel er det ikkje lett å kome seg på skulen.

Men det som den siste tida har gjort det endå vanskelegare for meg å komme meg på skulen er at klokka 14 begynner den nyaste avhengigheiten min på TV. Eg er blitt fullstendig avhengig av 7th heaven! Er eg den einaste, eller er dette noko eg har til felles med andre studiner? Eg skjønner ikkje heilt kva det er som gjer at eg ser denne forferdelege serien kvar einaste dag. For noko meir amerikansk og moraliserande skal ein leite lenge etter! Det er så gjennomsiktig at Hr. Spelling med dette prøver å ordne opp i alt som er gale i det amerikanske samfunnet ved å ta utgangspunkt i pastor Camden og hans perfekte små. Det er som ein manual for foreldre slik at dei kan oppdra barna sine til å bli perfekte amerikanske kristne. Dei gjer alle feil, tar ein prat med mor og far om saka for så å innsjå at dei sjølvsagt har rett. Det er ikkje slik eg hugser tenåra iallefall!

I går var Simon full for første gong. De kan tenke dykk for ein oppstandelse dette var! (Han vart sjølvsagt skjenka av nokre slemme gutar) Og alle er på utkikk etter den store kjærleiken og dei skal sjølvsagt spare seg til bryllaupsnatta (for ein nedtur det kjem til å bli!). Kvifor er denne patetiske serien så tiltrekkande? Treng eg profesjonell hjelp? "Eg heiter Dagrun og eg er 7th heaven avhengig."

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Nei, du er IKKJE den einaste. Eg får tårer i augo på slutten av kvar einaste episode, når familien har ordna opp i problema sine og ungane ikkje har husarrest lengre. Men eg hatar mora intenst, og faren med den nye kjærasten nesten endå meir.

7:59 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Eg hugsar særskilt ei scene der denne presten finn eine dottera si kyssande på ein gut heime i sofaen.

Pastoren: What are you doing in my home? You know that we've talked about this!
Dotter: But dad! I'm 19 years old!

Dei blei sjølvsagt einige om "det rette" denne gongen også.

Apropos studentlatskap, så har eg
nyleg oppdaga at dei viser Førde på riksdekkjande fjernsyn (NRK) kvar morgon ca 0907. Då kan eg sjå meieriet, Firda Billag, sjekke vestlandsveret, litt av parkeringa framfor taxien - og i dag såg eg piina skywalken også! Dette er verdt å stå opp for om morgenen!

10:52 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg har eit spørsmål. Kva rolle hadde Ashlee Simpson i denne serien? Eg har aldri sett ho der.

3:40 p.m.  
Anonymous Anonym said...

ashlee simpson va dama til simon?jo det trur eg altso...hadde eg budd i noreg no so hadde eg sete klistra kl 14 sjolv....gjorde det for eg reiste."seeeventh heaven"-dykk kan vel sangen!!???

7:00 p.m.  
Blogger Mari said...

Eg er også der. Eg står opp, og et frukost til TV2. Men for meg held det ikkje med 7th Heaven! Eg tek gjerne med meg dei daglege 3 episodane av Home & Away i same slengen, medan eg allereie slenger rundt i heimen og er eit totalt unyttig individ.

Eg hatar Lucy. Eg fattar ikkje at nokon gidd å vere gift med ei sånn dritjente.

5:30 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home