tirsdag, mars 28, 2006

Denne vekes dum, teit

Sei gjerne at eg sparkar inn åpne dører. Men denne vekes dum, teit går til denne anakronisma som stadig dalar ned fra oven, til trass for at vi melder 28 mars. 28 mars!
Eg er drittlei av å legge meg på ein av tre strateigiar når eg skal ut og gå.
1) Ryggen til husveggen der det er bart, og skride fram som ein krabbe
2) Ut på glatta. Eit langt, prøvande steg for å finne balansen, så slepe det andre beinet etter
3) Bittesmå, trippande musesteg, for å aldri miste kontakten med underlaget.

Eg vil gå normalt. Eg vil sykle. Eg vil ha vestlandsvår med regn og vind, no.

Snø og is er dumt og teit, og kan berre gå og kaste seg utfor nærmaste skrent.