onsdag, mars 08, 2006

Gratulere alle krekser!



Kvinnedagen er her, og eg kjenner meg atter ein gong reaksjonær. Ikkje skal eg gå i tog, gå på hippe debattar om seksualitet eller vere kul på konsert. Dagens høgdepunkt har vore å kjøpe Firda i ekte papirutgåve og få wienerbrød av ei 94-år gammal Frogner-frue. Den slappe joggebuksa eg har iført meg i tyder så altfor klart på at eg skal vere heime, så eg nyttar difor høvet til å ynskje alle krekser rundt om i verda alt godt og gratulere med dagen!

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

eg feira dagen med aa gaa paa kyrkjekonsert...der fraus eg...gjekk i pausen..paa bar..der fraus eg ikkje...

4:02 p.m.  
Blogger Frk. Pudding said...

Det er bra at mødrene til ymse Naustdals krekser står for litt feiring i Firda. Eg feira med bollebaking og strikketøy..men dette var heilt utan at eg følte eit press frå det mannsdominerte samfunnet til å gjere så.

9:04 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home