fredag, februar 24, 2006

Penismisunning

Korvidt Freud var ein beskjegga klumsemann med kvinneangst er det vel faa som vil betvile i dg, og utsegnene hans om at kvinner er flinke til handarbeid fordi dei ikkje har ein tissefant aa slenge paa med derimot mykje haar aa flette paa vel eg aa tolke som at han forblei jomfru til han tok turen. Teoriar av penismisunning har eg derfor fnose godt og lenge av, forutan dei gongane dokoa paa Roskilde har blitt for smertefull. No har denne misunninga naadd eit nytt stadium, nemleg at eg no har toalettet tilgjengeleg, men at det rett og slett berre ikkje....passar? Som saa mange veit er det klassiske asiatiske toalett eit hol i bakken. Gjerne pent laga med porselen og smaa fotskamlar, men likevel forutset dette at du som eigar av ein innovertiss maa sette deg paa huk. Det som er problemet her, og eg er viss paa at fleire har voree ute for lignanade, er ikkje berre eit, med 3-delt: Forst er det aa komme seg i rett posisjon, samle opp skjort, bukser, sjal og anna. Saa er det aa finne posisjonen der straalen vil treffe det mjukaste punktet (gjerne mose, torv el. l) for aa unngaa motsprut, og til sist er det aa stadig vri og vende for aa unngaa feilretting av straale og trykk. Saken er her, at underlaget er av porselen og dermed paa ingen maate absorberande, fotene kan flyttast minimalt, det same gjeld for dei resterande involverte partar og det heile resulterar i at eg i tide og utide driv og tissar meg sjol paa leggar, taer,sandalar og kva enn som maatte befinne seg i naerleiken. Det heile har resultert i at eg stort sett tar ein fotvask etterpaa, men eg innser at det ikkje kan halde fram paa dette viset i 3 mnd til. Forslag til korleis eg kan loyse problemet med sjolvskvetting vert motteke med takk.

6 Comments:

Blogger Frk. Pudding said...

Vadestøvlar.

12:44 a.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Trakt?

11:18 a.m.  
Anonymous Anonym said...

kateter!!kjopast paa www.kat.com

10:31 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Kateter er å anbefale, vertfall i følgje ei sjukepleierstudent som har erfaring med å katarisere seg sjølv på fest. Ikkje berre var det ein seier å stå å tisse, men tissefrekvensen vart også mindre.

10:58 a.m.  
Anonymous Anonym said...

eg kan anbefale uridom.

få deg ein pose på leggen så slepp du tenkje på å sette deg i det heile tatt. då kan du trygt berre la det stå til. til kvardag som fest..

1:59 p.m.  
Anonymous Anonym said...

I ein yogatime ein gong, då vi alle sat på huk for å gjere ei yogaøving, kunne yogalæraren fortelje at måten vi sat på no var ei god "dritestilling" (med ekstra trykk på "drite"), og at asiatiske do difor var mykje betre for skikkeleg avføring enn europeiske do. Alle såg ned og bort og fniste flaue då han sa dette.

M

11:57 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home