Sex and the skamløyse
Det er nokre år sidan eg slutta. Tidlegare kom følelsen titt og ofte, og eg var rask med å annonsere den.
- Eg skjems. Eg skjems!
Evt:
- Du burde skjems. Han/ho/det burde skjems. At dei ikkje skjems. Fy for skam!
Dei siste åra har i større grad vore prega av skamløyse, og eg har frykta at eg er i ferd med å bli som mor. Ho handla på Domus i grøn skinikkers, spelte Jose Feliciano høgt, og med åpen verandadør, og solte seg kun iført stringtruse i hagen. Alt dette heilt uten å skjems.
Men fredag fekk eg eit nytt møte med skjemsla. På impuls gjekk eg innom Spaceworld, uten å ha noko spes i tankane. Så slo det meg: Eg vil sjå Sex og Singelliv! Eg vil kjøpe ein boks, som eg kan sjå heile søndag!
Med ei bestemt mine tok eg plass i køa, og var allereie på vernissage på Upper West side.
Men då turen kom til meg, skjedde det. Det tok ei lita stund før eg kjente igjen følelsen. For den kom så brått, og var både uvelkommen og upassande. Men den tok kontrollen.
- Eeeh-hem, eg lurte på om dåkke har ein..."Sex and the city- boks"?
kviskra eg. Unnvikande blikk, sprukken stemme og bøyd nakke.
En skarve Sex og singelliv-boks - det er jo ingen grunn til å skjems!
Men det var slik det må ha føltes å kjøpe kondomar i 1953.

5 Comments:
Tjaaa.. Eg vil tru det er minst like flaut å kjøpe kondomar den dag i dag...
Eg har alle sex and the city boksane og eg er STOLT av det! Det er jammen kjekt å sjå på ein søndag...og utrulig avhengighetsdannande!
Eg har berre ein fra før, og er på ingen måte skjemd. Men eg har lånt dei to foregåande, og kasta dei i meg som varme muffins i løpet av ei veke. Det er difor eg undrast over denne lyn-frå-klar-himmel-skjemsla...
Dette innlegget øydela interessa mi for denne bloggen. Adjø.
Farvel, du ukjente anonyme!
Legg inn en kommentar
<< Home