Julegudsteneste nr 2
Når eg kjem heim til Førde i jula, er det somme ting som er viktige for meg og som eg håper eg ikkje er aleine om å tenke. Eg vil gjerne vise omverda (dvs eks kjærestar, eks medelevar og liknande) at eg har, i motsetnad til dei, kome meg vidare her i livet. Ja, trass i at vi såg kvarandre sist i august, har eg allereie klart å forandre meg så mykje at dei omtrent kan sjå all lærdomen og livsvisdomen i anletet mitt. Den store testen er sjølvsagt julegudstenesta i Førde kyrkje. Eg hadde allereie ein månad tidlegare bestemt kva eg skulle ha på meg. Eg fann sjølvsagt ikkje dei brune støvlettane mine, men dei svarte gamle til mamma var retro nok til at det skulle gå bra. Dessutan var jo min kjære med og feira jul hos oss, og eg dikterte sjølvsagt også kva guten skulle ha på seg. Så begynte alt å gå gale...så fryktelig gale...
Han hadde glømt skjeggtrimmaren sin...difor kjøpte mamma ein frå seg og pappa til han som han fekk opne før sjølve julekvelden. Dette er faktisk første gongen nokon har fått opne ei gåve før juletregongen. Han begynte å bruke maskina, men då halvparten av ansiktshåret var trimma laga den den tristaste lille lyden før den sovna heilt hen. Til slutt fikk han forma det sånn passe til noko som nesten kunne vere ein gotee som han kalla det så fint. Og av stad til kyrkja gjekk det.
Vi kom sjølvsagt seint. Dette er den einaste dagen kyrkja faktisk er full, og eg er stolt av å seie at eg bidreg til dette. "Det er plass framme i koret" sa ein mann som kanskje var kyrkjevergen. Koret? Kvar er det? Framme? Alt er betre enn å stå i trekken ute i gangen, tenkte vi. Der tok vi feil. For andre som ikkje er vande kyrkjegjengarar kan eg opplyse at Koret er ved sidan av altertavla. Dette var absolutt ikkje ein del av planen min! Eg var då ikkje den einaste som syntes dette var pinleg. Den 21 år gamle bror min var også skjemd. Vi fikk heller ikkje songhefte, så vi måtte mumle med så godt vi kunne. Verst var det kanskje for guten min. Første julegudstenesta i Noreg hadde halvt skjegg alà Craig David og satt slik til at heile Førde kyrkje kunne sjå at der var det ein som ikkje hadde vore i kyrkja ofte. Han kunne jo verken liturgien eller salmane! Ikkje ein gong Deilig er jorden...

1 Comments:
No må du ikkje gløyme nestenkysset framfor ei fullsett Førde kyrkje
Legg inn en kommentar
<< Home