onsdag, desember 07, 2005

SpøkelsesLaden

Hei Bin.

La gå at du har herja rundt og spredd skremsel i fjella i årevis, før du nesten ut av intet sendte jernfuglar inn i Twin Towers. La gå at du valgte å gjere dette på min kjære sin bursdag, slik at han alltid blir møtt med dårleg skjult fnising når han blir avkrevd fødselsdatoen sin. Du kunne no ha funne ein annan dag, men greitt nok. På et vis kan eg forstå at du valgte å handle på det viset, det var ikkje pent mot dei sivile, men du handla vel sikkert i berettiga harme. Og no vil du ha meir olje. Eg mistrur deg litt, og trur du pønskar på noko. Du treng ikkje olje i fjella.

Og olje er som sko; mykje vil rett og slett ha meir. Eg trur ikkje du gjer deg med muslim-olje. Eg er ikkje dum, eg veit at vi har ein del olje igjen, og enda til mang ein blond, bevæpna 20-åring som vimsar rundt i dine trakter. Men eg seier deg ein ting, Bin. Hvis du vågar å kræsje fly på, halshogge, bombe, eller så mykje så mykje som rasle med sabelen i nærheten av nokon av dei eg er glad i, eller kven som helst mann i gata for den saks skuld, skal eg komme og menstruere på bønneteppet dit, på familiekoranen din, og på grava til morra di.

Og eg lovar deg; eg er blond, vantru, og slett ikkje jomfru.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

eg har ikkje akkurat interessert meg overvettes for Bin's gjøren & laden, men eg er samd i så måte;
om du så mykje som hyttar neven til mine kjente & kjære skal eg personleg komme ned med mine vantro & uomskårne genitaliar og tisse på grava til morra di, medan eg plystrar ustemt på 'nei så tjukk du har blitt' av Ole Ivars..

2:49 p.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

Eg følger opp, og sanneleg seier eg deg, SkrømteLaden, at om du så mykje som nys i retning av meg eller mine allerkjæraste, så skal eg jakte deg ned og gje deg ein skikkleg omgang grisejuling med, ja nettopp, ein gris!
La gå at eg og mine allerkjæraste muligens ertar på oss både bombekastarar og prikkedøden, men du Bin, eg kan på ingen måte moderere meg før du har prompa i dusjkabinettet ditt i sympati med alle burkakledde krekser verda over.

3:45 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Her får du ditt pass påskreve, Bin!.............Nei vent litt? Var det ikkje du som mangla pass???

1:28 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home