torsdag, november 17, 2005

Frå barndommen 1


Eg sat nett med kniven i det steinharde Synøve Finden Sitronsmør'et mitt og forbanna meg over kor vanskeleg det er å få rett temperatur på smøret. Det skal ikkje vere for rennande, men definitivt ikkje så hardt at det ikkje kan smørast (derav ordet "smør"...) Då kom eg med eitt på eit triks besta Oddlaug brukte: dersom Godt Smøret var for hardt, skar ho like godt av ei tjukk skjeve med ostehøvelen. Slik var det i gamle dagar. Mine born derimot kjem til å ha ei bestemor som ikkje brukar smør, drikk skummamjølk og som påstår at lett-ost smake like godt som vanleg ost...