søndag, november 06, 2005

Å prøve seg som elektrikar



Ting eg skulle ønske fantes: Instant 24Hours Handyman

Eg ser for meg ein liten mann på størrelse med ein ostepop, ja, kanskje til og med laga av eit ostepop-liknande materiale. Denne mannen er instant 24hours handyman. Han kan ligge i skapet eller bestikkskuffa eller kvar som helst, heilt til du ein dag får bruk for han. Då kan du legge han på golvet og tøme forsiktig litt vatn på han - då forvandlar han seg instant til ein 24hours handyman. Ja, eg snakkar her om mannen med snikkarbukse, verktybelte og arbeidshanskar. Ein mann som er klar, 24 timar i døgnet, for å redde krekser i naud. For å spikre fast lister, henge opp lamper, reinse slukar, bore hol i murveggar, løsne opp i tette dassar, det er ikkje den ting han ikkje kan gjere.

Eg derimot, med urokkeleg tru på meg sjølv, klatra i dag opp på kjøkkenstolen og keik inn i eit hol i taket der det heng mange ledningar som sikkert skulle vore festa i kjøkkenlampa som ikkje verkar. Den lille plastikk-koppen (som heng utanpå slike ting) smuldra effektivt opp i hendene på meg, i bluferdig protest over å bli tukla med etter noko som sikkert er 50 år i einsemd der oppe i taket. Eg hadde allereie slått av sikringen, så i overmot festa eg dinglande ledningar i plastdingsar så det sang. Elektro er oppskrytt, tenkte eg med meg sjølv der eg fornøgd kosta støv av hendene mine og gjekk til sikringsskapet for å la det bli lys. Ei ekte krekse klarar denne jobben sjølv.

Men nei. Elektrisiteten var ikkje på mi side i dag. Eg kunne nok ha godtatt at den trassige lampa ikkje gav lys frå seg. Det hadde jo ikkje vore noko nytt, til tross for mitt overmot når det gjeld å kople saman ledningar. Det kunne eg nok takla utmerka bra. MEN vil det seie at eg fortener å bli frårøvd frå halve kurs3 i sikringsskapet?? Fortener eg å ikkje ha straum i kjøleskapet? Fortener eg å ikkje ha straum på halve soverommet? inkludert PC'en? (takk gud, for skøyteledningar)

Store Kong Elektro har straffa meg. I alt er det 4 par stikkontaktar som har tatt seg ferie. Til tross for at eg har trykt sikringar opp og ned til leiligheten har minna om eit aust-tysk diskotek, vil ikkje straumen kome att i desse usle stikkontaktane. Og medan kjøleskapet av-isar seg sjølv går vaktmeisteren søndagstur. Det er no eg hadde trengt deg, 24hour instant handyman. Det er no du kunne komt å myst litt inn i sikringsskapet, tørka svetten og skrudd på nokon skruer, kopla nokon ledningar, eg veit tydlegvis ikkje kva som skal til, men det er no eg treng deg.

Med det same kan eg krysse ut elektriker av lista over moglege framtidige yrkesval.