Far fetched?
Det såg ut til å bli ein triveleg kveld. Frk Fjas og Frk Hekkan var bakfulle på boblevin, og hadde oppadstigande promille. Det skulle røykast, dansast og kreksast. Brått stod ho der, bleach blond, og med sota auge og miniskjørt, og ligna ikkje så lite på kusina til Pia Haraldsen. Ho rekte fram puselanken.
- Hei! Hildur her! (Eg trur ikkje det var det ho eigentleg heitte, men la oss være litt greie og anonymisere littegrann.)
- Ida her.
Vi shakar høfleg hands. Så kjem det fra Hildur:
- Hyggelig.
Hyggelig. Eg fekk lyst til å trekke på det, og sende ho eit skjelmsk blikk. Jaha? Hyggelig, seier du?
For det kan ho ikkje vite nokon ting om. For alt ho veit, kan eg utarte meg til å bli den minst hyggelige bekjentskapen ho nokonsinne har hatt. For alt ho anar, kan eg være ein manipulativ, lumsk tjuvradd av ei dame, berre ute etter å eh, lage hekkan, og med liv og lyst gå inn for å ta alt ho eig, rippe skinnsofaen hennar med neglefil, kline med kjæresten, og putte fiskeslo i sjampoen. Eller endå verre: kanskje er eg ein psykotisk seriemordar som ein dag står utanfor huset hennar og kastar syre på henne, før eg heiser ho opp i flaggstanga etter tarmane.
Okei, la meg ikkje bli for drøy her. Poenget er: du kan ikkje ved første handshake vite om dette er ein fin bekjentskap eller ikkje. Kanskje vil vi bli bestevener, og eg vil være forlovar i bryllupet hennar, og vi vil dra på venninneturar til Barcelona, og gje kvarandre drasjerte kaker med gullstøv berre fordi vi er så glade for at den andre finst.
Men - dette er det ingen som veit. Og er då dette bombastiske "hyggeleg" heilt på sin plass?

2 Comments:
Eg plar seie "hyggjeleg" når eg helser på folk, rett og slett for å vise at det _er_ hyggjeleg å helse på vedkomande. Om framtida seier ikkje dette "hyggjeleg" noko. Berre om nuet. Det _er_ hyggjeleg å helse på nye folk, synest no eg då....
Eg er generelt skeptisk til å helse på nye folk. Kanskje av di eg har budd for lenge i Førde.
Legg inn en kommentar
<< Home