fredag, oktober 07, 2005

Et sjelsliv, ja det hadde vore noko.

Sur fredag, det store treet utenfor kjøkkenvinduet som eg ser når eg løftar blikket frå den vesle sardinboksskjermen eg likar å kalle laptop, begynner å bli gult i kantane.
Visst pokker er det haust snart, tenker eg, gamle skinnet, og her sit eg, heimekontor meg opp i cutiebutten, kven treng det så lenge ein har kjøkkenbord. Men nok er sagt om det. Det hadde ikkje vore så ille å gå fra senga, i dusjen, innta frukosten på kjøkkenbordet, før ein, vips- set seg på andre sida av kjøkkenbordet, og ER PÅ JOBBEN. Ein slepp i allefall møya med å stå i ei overfull T-banevon, og lure på om lungene også denne morgonen vil overleve presset fra mennesker fra alle kantar, og dei uliflige luktene av morgonånde og våt ull, for ikkje å snakke om følelsen av å sykle i siksak mellom gufne, knuste meitemark, som i kollektiv kamikaze-galskap har funne ut at, hei folkens - kva om vi tar oss ein tur opp av denne kjipe molda og ser kva som rører seg der oppe!? Eller kva med å halde senga ein time ekstra og sleppe å gå ut før åtte i månadsskiftet januar/februar - don´t get me started.

På ein småsur og våt fredag i oktober er dette pokker ikkje det dummaste. Det er faktisk ganske koselig å drikke te under pleddet, samtidig som ein yter sin skjerv til samfunnsjula (- om den pastellkulørte ukepresse teller som det - og det kan eg argumentere lenge og vel for at den faktisk gjer. )
Heisann og fallerallera, dette er ikkje alltid like ille. For ikkje å snakke om at eg kan gjere jobben min uten nærkontakt av eklaste grad med den alltid nærværande Helveteshurpa. Du har sikkert møtt ho. Av ein eller annan infam grunn finnast ho i mange eksemplar og på dei fleste arbeidsplassar, der ho tassar rundt, gjerne innhylla i ei sky av gammal syrinparfyme og sprer dårlig stemning, dommedagsprofetiar og evig nag om snøen som falt i fjor og disse jævla spanjakkene. Med påfølgande akutt serotoninfall, høgt blodtrykk og begynnande hjernesvinn hos deg. Du veit kven eg snakkar om.


Eg er altså på ingen måte ein del av morgonrushet. Er meir som husmor å regne, bortsett fra denne lille bigesjeften ved kjøkkenbordet, som kallast journalistikk, og som av ein eller annan grunn møter stor interesse i selskapslivet. Og no er vi snart ved sakens kjerne. Ikkje for å skjære alle over ein kam, (eller gre alle med den samme kammen, og gje dei alle den samme vannkjemma sveisen, som min kjære sa i eit animert øyeblikk.) Men som nokon, men ikkje alle, (generalisering, ikkje faen), husmødre, uføretrygda, svangerskapspermitterte, pensjonistar, eller rikt gifte husfruer sikkert har opplevd - det vert litt få impulsar. Litt lite action. Og smått om senn forsvinn proposjonane og perspektiva. Lite blir stort, gult blir grønt. Men det verste er: eg, og mange med meg, blir svært opptatt av slarv. Ikkje på Se&Hør-viset, det har faen hakke meg ikkje gått så langt. Men i mangelen på eige sjelsliv har eg begynt å snylte på andre sitt, på ein høgst overfladisk måte.

Svigermor: Veit du kven som bur tvers over gata for deg?
Frk. Hekkan: Nei...???
Svigermor: Han tjuvkusken, Atle Hamre.
Frk. Hekkan: Næh, er det sant? (og kikker ut vinduet)

- WOW, mannen i butikken har klart å gro grisebust mellom nase og munn!

- Næh, er det sant? Er det STORE intriger på gang i P2 sin "Sånn er livet, redaksjon?!" Skilsmisser, seier du?


(Den nye kappelanen. Say no mo.)

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

om det skulle røyne på med grisebustar & skravlande svigermødre, så må du for all del ikkje gløyme å ta deg ein pause.
rull av deg pleddet, kast trusa & ta deg ein real laptop-dans.

det skulle i alle tilfelle sikre deg solid åtgaum frå dei forbipasserande pendlarane på flytoget i uminnelige tider..

kva kviskrar træra i skogen?

"sambaen er løs, sambaen er løs.."

11:45 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home