mandag, oktober 03, 2005

ikkje for seint for agurknytt

Største agurk?
TØYEN: At hausten no bugnar av grønnsaker og andre ting er no klart. I Botanisk hage denne helga fann Ingvill (23) frå Naustdal noko ho sjølv vil karakterisere som "ein stor agurk, eller ein squash". Grønsaken er nesten ein meter lang, og Ingvill kan i eit forsøk på å løfte agurken konstatere at den er veldig tung - minst 8 kilo!

I følge botanisk hage er dette i graskarfamilien, og melder at det er skjeldan dei ser så flotte eksemplar. Dei oppfordrar alle andre som har funne liknande eksemplar av haustens gåver, det vere seg grønsaker, frukt og bær, til å melde frå snarast.