tirsdag, september 27, 2005

Eg er i Naustdal

Berre så de veit det.
Til no har eg:

Ete.
Sove.
Lest i gamle "Hjemmet".
Ete meir.
Klappa Pelle.
Køyrt bil med Pelle.
Snakka med Pelle.
Ete litt til.
Skrive tre setningar på oppgåva mi.
Konkludert med at det gjorde meg svolten att, så det var på høg tid med ei skjeve til.
Sagt at "Ja, der kom regnet ja. Såg da kom uti Heilefjellet", og kjend meg som Metusalem idet eg sa det.
Så eg tok ei skjeve til, klappa katten og såg ut glaset.

Framhald følgjer.....

2 Comments:

Blogger Frk. Hekkan said...

Men diu? Er Heilefjellet det same som Hellefjellet. Eller er i-en der fordi det høyrast så borti staur og veggjene ut når fyrste staving "Helle" vert avløyst av noko som rimar; "Fjellet"?

11:46 a.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

jo, no skal du høyre: Heilefjellet heiter visstnoken og opprinneleg ( jfr. Alfred Liabø, far til TrineLill) Heilevangsstaurane. Eg må ærleg innrømme at dette er eit namn eg aldri har høyrt, og ikkje minst er det kanskje det mest komlete namnet å nytte om eit fjell. "Staurane"? Om vi no tek vekk staurane, så sit vi att med Heilevangen. Dette er ikkje eit høveleg namn på finaste fjellet med kronisk bre (og i dag nysnø på toppane!), så vi fjernar vangen, legg til eit fjell, og vips der hadde vi Heilefjellet!
Om det er det same som Hellefjellet anar eg ikkje, men eg vil nok tru det, så lenge du omtalar eit av fjella yst i Førdefjorden. Og det høyres bra teit ut, omtrent som at vi berre kan kalle det Vidar Hellefjellet med ein gang.

2:58 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home