Om tekniske feil, cyberspace og barnemishandling.
Er eg på no?Testing, testing, ett, to?
Eg har aldri vore noko særleg god på dette med kompjuter og slikt. Eg fekk mi første datamaskin då eg flytta heimanifrå (ein prosess som i seg sjøl var eit bal og ikkje vart gjennomført før eg var 19), den var som ein liten bil både i form og storleik og vart ståande som eit skjemselens trofè på pulten min i eit års tid før eg "gløymde" den på loftet og flytta.
Til bursdagen min i år ( som forøvrig gjekk i gløymeboka hos fam. Litlere sidan bror min på død og liv måtte gifte seg på dei tider) fekk eg meg ein laptop. Det skal nemnast eg eg var 18 før eg visste kva ein laptop var, sånn for å briske meg endå litt meir med mi teknologiske ukunne. Denne laptopen høyres ut som ein Boieng 737 og veg omlag 5 kg, eg har enno ikkje funne ut kva eg kan gjere med den, anna enn å legge inn musikk slik at eg aldri finn den att, samt legge kabal og nytte den som eit effektivt forsvarsvåpen ved eventuelle innbrot. Eg vil då som den kraftpakken eg er kaste den i hovudet på denne tylen av ein tjuv som sjølvsagt er mann, eventuelt kan eg kabale han ihel.
Då eg skulle logge meg inn på dette fabelaktige forumet, nytta eg det kjæraste og mest unike namnet eg har vore borti og nesten enda opp med å heite: Grautvor. Det er uvisst om mor mi var berusa eller midlertidig sprøyte gala på dette tidspunktet, men barnet vart no heldigvis heitande Idunn slik at ho aldri ville kunne gå i eit barneselskap med underbittet høgt heva.
Poenget her er at NAMNET VAR TATT!!!Med andre ord fins det kanskje ei Grautvor der ute i cyberspacen! Nok eit offer for vaksne sin onde form for humor, eventuelt jordfeil i sikringane.
Kan det vere ein link mellom utsette namn og tekniske ferdigheter?Eg har iallefall kjøpt meg mp3-spelar, så om eg brått heiter Trude veit de kva svaret er.

1 Comments:
honer for grautvor!
det er like før eg kjem og gjev deg ein lap top-dans.
Legg inn en kommentar
<< Home