onsdag, september 21, 2005

Jordfeil, eit teikn på alderdom?

I dag, då eg skulle riste meg to skjever og koke litt kaffivatn, gjekk alt i svart. Den lave, summande av brune-kvite-småelektronikk-og-anna-ûberforbruksinnstallasjonar døydde hen. Det vart stille, og frukosten passerte i langsam revy. Løfter den lille hendelen inne i sikringsskapet. Det er framleis stille. (Det høyrer med til historia at eg har eit svært smalt register å spele på når det handlar om praktisk arbeid generelt, og elektronikk generelt. Eg har faktisk levd i fire dagar i stummande mørke, sur mjølk i kjøleskapet og kaldt vatn i krana i påvente av at strømmen skulle kome tilbake. "Nei, ikkje straum, men det går nok over". "Han er sikkert berre ute ein tur".)
Engelen i raud kjeledress frå Gamle Oslo servicesentral ymta frampå med diagnosen jordfeil. Og jeggu hadde han ikkje rett. (Syndaren var den nusselege brødristaren med kvitt skjørt som eg fekk av mamma i 2001.) Opprømd ringte eg B på jobb for å fortelle om det som hadde skjedd.
- Jordfeil, sa B. Vi begynner å bli gamle.

Gamle. Er vi det? Er jordfeil eit teikn på framskreden alder?