fredag, september 23, 2005

Frustraciones grand mal

Okei, sidan eg allereie har blasta mitt sjølpålagte forbod mot å ikkje sutre i veg om kor frustrerande eg synes frilans-tilværet er, kan eg like gjerne gje på litt til. Denne gongen, sett i system.

Ting eg hadde tenkt å gjere som frilansar:

Jobbe disiplinert og målretta, fra ni til fire.
Skrive interessante og gjennomarbeida artiklar om ting som engasjerer meg.
Ha pengar nok til å til dømes kjøpe nye sneakers, besøke venner i aust og vest, og kanskje tenke litt på pensjonssparing.
Systematisere heimekontoret.
Jogge til Ekeberg kvar dag.
Nyte fridomen til å lage til dømes lage sushi til lunch, og tenke på alle dei som tygg seg gjennom skjever med brunost med traktekaffi til.

Ting eg faktisk gjer som frilansar:
Vaknar og er så sementert fast til senga at eg berre må sove litt til.
Gnurar med artiklar om spelt-mjøl og vitaminer.
Har dårlig råd.
Arbeider i eit kaos av papir og gamle tekoppar, ein PC med adferdsvanskar og demens, akkompagnert av sambuar som snorkar ein meter frå pulten min.
Luntar ned på nærbutikken eit par gonger i veka.
Sushi? Kan eg framleis lage such things?

Finn 6 feil. Vinnaren får ei kringle frå Naustdal Dampbakeri og boka "Frilansjournalisten" fritt tilsendt.

1 Comments:

Blogger AdV said...

Om du skal skrive sak om speltmjøl, så snakk med en av bakerne i Åpent Bakeri/Blings-konsernet! De har et nært og varmt og LIDENSKAPELIG forhold til sorten. Volla, de kan prate i timer og atter timer om spelt, og til slutt bare navnedropper du
Øystein Hedstrøm ut av det blå for å få fred.

11:24 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home