Halldis er kul
Ferdaminne frå vinteren 1965
Sein, råkald kveld
på ein jernbanestasjon i Berlin.
Vi hadde reist i flere timar
og måtte vente her
på eit tog vi skulle ta vidare.
Vi var trøtte, irritable.
Magesåret ditt minte seg.
Eg hadde inga slik orsaking
for å vere sur,
eg berre var det.
Du gjekk og ville sjå
etter norske aviser.
Sikkert fåfengt, sa eg.
Eg dreiv opp og ned på perrongen,
lei av alt.
Same kor reiseglad ein er
kan det skje på ei lang reise
at ein spør seg: Kva gjer eg dette for?
Med eitt var du tilbake.
Greip meg i armen,
oppskjørta, breitt smilande:
"Veit du kva vi kan få kjøpt i kiosken her borte?
Varm mjølk med honning!"
- Halldis Moren Vesaas -
Halldis kan få verte æreskrekse kva tid som helst. Særleg treff strofa " Eg hadde inga slik orsaking/ for å være sur,/eg berre var det" midt i hjertenerven.
Sein, råkald kveld
på ein jernbanestasjon i Berlin.
Vi hadde reist i flere timar
og måtte vente her
på eit tog vi skulle ta vidare.
Vi var trøtte, irritable.
Magesåret ditt minte seg.
Eg hadde inga slik orsaking
for å vere sur,
eg berre var det.
Du gjekk og ville sjå
etter norske aviser.
Sikkert fåfengt, sa eg.
Eg dreiv opp og ned på perrongen,
lei av alt.
Same kor reiseglad ein er
kan det skje på ei lang reise
at ein spør seg: Kva gjer eg dette for?
Med eitt var du tilbake.
Greip meg i armen,
oppskjørta, breitt smilande:
"Veit du kva vi kan få kjøpt i kiosken her borte?
Varm mjølk med honning!"
- Halldis Moren Vesaas -
Halldis kan få verte æreskrekse kva tid som helst. Særleg treff strofa " Eg hadde inga slik orsaking/ for å være sur,/eg berre var det" midt i hjertenerven.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home