søndag, oktober 02, 2005

Sunnfjordske ord for dagen

I dagane som kjem vil eg ta for meg ord og uttrykk fra Sunnfjord, henta frå den glitter-pynta ordlista Frk. Fjas var så grei å sende til hovudstaden i anledning at eg var så uheldig å fylle år igjen i våres.

Vi startar rett på:

Krekse: [vondlynt, ugrei kvinne.]
jfr: Da ska du vete, ho var ven som jente, men so kjerring vart ho ei sjikkele krekse.

Snaut og snode:[nett og raskt]
jfr: Da va både snaut og snode.

Slurveprat:[usedelig prat, griseprat]
jfr: Nei, no e dei komne i slurvepraten igjen ute på kjøkena.