tirsdag, oktober 04, 2005

Eg undrast

Eg står ganske så rådvill, og utan svar på ei rekke sentrale/og/eller eksistensielle spørsmål. Nokon vil hevde at dei er trivielle, men dette er ting som tynger meg for tida, det er for store tanker til at eg kan gå i ring med dei i heimen/eget hode, og som eg derfor velger å bære til torgs:

  • Kvifor funkar ikkje internett-linja vår?
  • Er eg for gammel til å grine ein skvett over at den ikkje funkar?
  • Kor skal vi få kjøpt nytt tak til badet etter at rørleggeren tok ned det gamle, morkne?
  • Korleis skal eg klare meg til lønning med berre 700 på kontoen?
  • Kvifor har eg kjip hud på venstre kinn?
  • Når skal vi få kjøtthaue-naboen til å skjøne at han ikkje må banke teppene sine i trappeoppgangen, for så å klage over at trappa er skitten?
  • Kvar i helvete er den blå regnkåpa mi?
  • Kan eg føle meg trygg på at Valgerd no har gått seg utfor ei skrent ein gong for alle, og aldri kjem til å plage oss i gjen?
  • Kvifor nektar all gjærbakst å oppføre seg som nettopp det mellom mine hender?
  • Kvifor klarer eg berre neeeeeesten, men ikkje heilt, å vinke farvel til sigg?
  • Når skal butikkane få inn superundertøy?
  • Kor lang tid tar det å få lang lugg igjen?
  • Når vil eg komme meg ut av dette miserable frilanslivet? (frilans rimer forresten nesten på fillefrans. Og likheten stopper heller ikkje der.)

7 Comments:

Blogger Frk. Hekkan said...

jajja, og til dei smarty-pantsa som måtte undrast korleis eg får posta dette her mens tårene sprett over at vi ikkje har internett: eg snyltar på naboen sitt trålause.

4:09 p.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

veit du, så langt tenkte no ikkje eg, for så lite forstår eg av ditta enigmaet kalla internett.Du skjønar vel kanskje kvar veg høna sparkar svaret på første spørsmål, men ut av det blå kan eg foreslå vegarbeid, sånn muligens? Statens Vegvesen&Lurveleven har ein egen evne til å ta knekken på søvn, drikkevatn, telefonlinje, internett og stort sett det meste som kjem utfor deira hol som dei har gravd i vegen og står og ser ned i medan dei rullar røyk og drikk kaffi.
Du er slett ikkje for gammal til noko som helst,iallefall ikkje å grine over heilt ubegripelege småting. Eg grein til dømes av at handduken datt ned frå knaggen ein dag,og eg innser at denne grininga vil det neiggu ikkje bli mindre av med åra som kjem, så grin i veg på alt og alle, av alt og alle!(eventuelt får du berre le av heile skiten, det funkar det og.)

Når det gjeld taket kan eg berre sei som Boligaksjonen i Bergen:"Ta deg et tak! Bare gjør det!"
Dårleg hud på vensttre kinn?HAH!Eg har dårleg hud på både høgre, venstre,babord og styrbord!Kjøp deg basiron (du er ikkje for gammal til det heller)og smell på littav den foundationen du visstnok har så himla mykje av.Og ikkje pill!!!(det skal ein visstnok vere for gammal til, men kva skal ein no med kviser om ein ikkje kan pille på dei?!)

700 kroner kan du ikkje overleve på. Du må derfor ta livet av naboen, gjerne medan han står med ryggen til og bankar tepper i trappa, for å så rundstjele han og leve på det til neste lønning.

Valgerd kan ein aldri lite på, særleg ikkje når det gjeld forsvinningsnummer. Truleg vil ho dukke opp att, men då iført den blå regnkåpa di, noko som resulterar i at du må drepe ho får å få att kåpa, men då er du til gjengjeld trygg for at ho ikkje hoppar skarrande fram frå ei busk ved eit seinare tidspunkt.

Når det kjem til gjærbaksten er eg overtydd om at ein må ha sett barn til verda for å få det til. Sånn er det berre, så no får du velge: speltbrød a la deiga eller manglande nattesøvn med tilhøyrande hengepupp.

Du kjem ikkje til å slutte å røyke. Berre innsjå det.

Superundertøy må du halde fram med å naske frå klesskapet til mor di.
Eventuelt kan du prøve Spar-Kjøp,for nei, superundertøy verte berre ikkje hipt for andre enn oss.

Luggen vil ikkje komme attende på iallefall eit år ennno. Truleg har du skremd den med saksa, så den sit langt inne no.Ver glad du ikkje ga den permanent du, konsekvensane av ei slik hårleg voldtekt ville strukke seg langt inn i dine neste 5 liv.
Frilans kan minne om fillefrans, men visste du at det også kan minne om følgande:
livsdans
svinsesvans
elina krantz
luktesans

Tenk på det du!

10:08 p.m.  
Anonymous Anonym said...

eg undrast, eg undrast..
eg vert med eitt uviss på denne frk.krantz' si luktesans, men eg skal fortelje deg at ho i alle tilfelle, luktar som ein sidensvans.

om gjærbakst generelt vil eg berre ha meg frabedt desse truslane om nattlege hengepuppar. eg vert, om ikkje anna, berre tynnare og tynnare utan så mykje som ein einaste pupp i kikkerten.

så.

11:37 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kjære Bjarte Frupp. Kva i innerste slimesatan veit du om kva Elina Krantz luktar og ikkje luktar?

Og joda. Visst pokker. Ein dag blir det sur pupp, døgning og barnevogncross på deg og. Baby er den nye oslo-accoesoiren.

11:45 a.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Takk, kjære Fjas! men eg lurer på ein ting til: Kan du komme og hente meg i den blodtøffe Pajeroen når eg blir lyst fredlaus i tigerstaden, anklaga for å ha knerta ho Vally S. Haugland, og forfulgt av ein retarda pakistaner i grilldress, som anklager meg for å ha stjelt trygda hans? Skal vi då fylgast åt heim?

9:46 a.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

sei meg, leste du innlegget om mine manglande ferdigheitar innan bilkøyring, eller gir du berre blanke i heile skremselspropagandaen? Isåfall vert eg svært rørt, og er meir enn villeg til å hente deg ut av dinna hovudstadsmara med pakistanske grilldressar og kaffi med mjøk i! Om eg så må bære deg på mine eigne naustdalsvektløftararmar skal vi danse, snuble, tute og køyrast åt heim!

5:15 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Kjære Frk. Fjas!
Nettopp fordi du lyttar meir på Roots Manuva enn på Hafstad Trafikkskule. Fordi du ikkje let deg stoppe av korkje ei forvorpen Erna Røyrvik eller eit skralt lite autovern. Ei heller av gamle damer som går nettopp der du skal sykle. Difor føler eg meg trygg med deg. Nettopp difor vil eg køyre inn i solnedgangen med deg. Kan eg gå så langt som å sei at eg har ei von?

9:23 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home