torsdag, oktober 13, 2005

Ti teser

Martin Luther hadde ei kyrkjedør der han kunne slå opp velfunderte teser, og såleis ta eit oppgjer med den skitne pavekyrkja. Frk. Fjas hadde teltduken, der ho ville brodere sinte teser for ein meir veloppdragen Roskilde-adferd. Eg har berre ein digital megafon.

Og dette har eg tenkt på lenge. Eg har tenkt på muligheita av å sei det ansikt til ansikt, ein gong for alle, og verkeleg slå fast kvar skapet skal stå, og ikkje minst kvar David kjøpte ølet. I lang tid har dette vore i tankane mine, og i sinne har eg kokt sammen drepande setningar egna til å kastrere, slik at mottakaren skulle få lyst til å gå og kaste seg utfor nærmaste skrent. Men våre vegar har aldri kryssa kvarandre, sidan eg sa takk og farvel i grålysinga på Danmarksplass, ein sur vårdag i mars, 1999. Det vil seie, dei har nesten kryssa kvarandre, men eg har raskt tatt ein annan veg og ikledd meg ein imaginær hatt, løsbart, frakk og avis med hol i kvar gong eg har skjønt at vegane våre var på kollisjonskurs.

Men no er det slutt på å gøyme seg. Eg kan ikkje gå og halde på dette lenger, og tek bladet fra munnen og ropar det ut, slik at eg kan få fred.

Ti teser for sjelero:
  1. Eg syntes faktisk aldri at du var god til å spele gitar.
  2. Eg er glad, tilfreds og særdeles skadefro over at du no er skalla.
  3. Sex med deg var slik eg forestiller meg det er å ha sex med Gollum.
  4. Eg likte ikkje familien din, og syntes- og meiner framleis - at far din var eit rasistisk kjøtthaue, og at mora di burde få seg eit liv.
  5. Den ekle Elisabeth Arden parfymen du ga meg til jul i 1997 lukta cubansk drag queen, og blei stua bakerst i skapet.
  6. Eg veit at du laug for å framheve deg og ditt, og at du sa at bestemora di var død, sjølv om ho levde i beste velgåande, berre for å få sympati.
  7. Eg angrar på at eg IKKJE nytta høvet då det kom i min veg, og var utro fleire gonger.
  8. Emosjonelt er du eit stort barn med ei svært enkel sjel, ute av stand til å ta ansvar for eigne handlingar. Eg venta berre på den dagen då du skulle skrike opp og spørre: KVEN har bæsja i buksa mi!?!
  9. Ronnie Le Tekrø, Van Halen og Steve Vai er grusomt og veldig white trash - nett som du. Måtte du aldri forstå kva for ein saftig turn off slik gitarrunk er for ei dame.
  10. Eg lo høgt mot månen då eg skadefro sjekka skattelista, og såg at du var oppført med 42 485 i inntekt i 2004. Og du er faenmeg 28 år. (Den hårtransplantasjonen du fabla om før fylte 30 trur eg du kan sjå langt etter. Sjekk evt ut mulighetene for transplantasjon fra skulder/rygg til hodebunn.)