torsdag, oktober 20, 2005

Med hauet på gale staden



Eg kan nesten ikkje anna enn å le av ditta.
Eg har prøvd å ilske meg opp, hytte med neven og skrike ukvemsord. Men til trass for at dei vissnok har endra kleskode og er i vekst i Telemark, klarer eg ikkje å ta dette på ramme alvor. Og min respons blir like infantil og lavpanna som opphavsmannen Thore sjølv. Så det blir at eg sit og kviskrar lavt: "Ditt asen. Gå og snyt deg i ræva. Rull inn kuken, din fiskepikk."

Og så tenker eg på den obligatoriske x-fil lektyra "En del elementære logiske emner" av Arne Næss, som visstnok blei skriven med den hensikt å utruste studentane med grunnleggande kunnskap om logikk og argumentasjonsanalyse, slik at dei/vi skulle være i stand til å bekjempe nazinauta med ord, sable dei ned med logisk oppbygde, syntetiske utsagn. No har yours truly tatt x-fil både ein og to gonger, og eg trur aldri eg vil gløyme at hvis ikkje P, så heller ikkje K. Etter å ha lese dette tenker eg at det er fleire som burde ha seg ein runde med Arnes lille raude.
Innledningsvis blir vi belært med åpenberre logiske bristar som "Her ser vi bilde av svømmebassenget i Auschwitz. Ingen bygger både svømmebasseng og driv folkemord." Javelnei.
Det er også både trist og morsomt på ein gang at den forrykte opphavsmannen både tek eventyra om Reveenka og Myrssnipa til inntekt for den bitre nasjonalismen sin, og at han har sendt brev til Riksadvokaten der han klagar på at Blondinevitsane er eit jødeogkommunist-laga påfunn egna til å ta fra oss vakre, blonde arierinner all sjølvtillit. Eg er også svak for denne overskrifta på ein ellers hårreisande dårlig oppbygd artikkel: Gulag Arkipelet(Det jødestyrte dødsleirsystemet i Sovjetunionen)

Han har også via oss kvinner ein del plass, under linken "For damer". Her får vi ynskjer om god sumar, samt at han er med oss i kampen mot modellar med annan hudfarge enn griserosa, som prøver å knekke vårt eigenverd. Og så mjærar høvdingen sjølv vidare om Svanhild Jensen (blond = ei god mor), omskjæring av guttebabyar, og at vi må passe oss for brune menn og kommunistar som vil ta fra oss lebensraumet vårt.
Midt mellom logiske- og argumentasjonstekniske takras, har han også gjort plass til kaker. Kaker! Med romkrem og mokkabønner! Absurditeten vil ingen ende ta! Galskap inkarnert! Og kuk-asenet er også skamlaus nok til å invitere seg sjølv på kake: "Bor du i nærheten så inviter meg på en smak. Lillegutt på fanget til "hun nærmeste" likte også kaken veldig godt. God Apetitt!"

Det seier eg og, du patetiske Thore-naut. Bon føkkings neperonk apetitt. Eg har mista min for lang tid framover.