Du tysdag, du tysdag....
Kan Frk.Hekkan skrive eit innlegg om den kjekke fargedraumen, så kan vel eg skrive eit innlegg om dinna rompedagen min.
Det heile byrja med at mine nye bestevennar, Satans Vegvesen&Lurveleven, som forøvrig har rigga seg te nett utføre glaset mitt og no er der på 3 månaden, fann ut at dei skulle grave eit hol i vegen klokka 0720 i dag. Eg er viss på at dette ikkje er nødvendig, men at dei gjer det på pur sidan dei må stå oppp så tidleg. Eg vakna med eit høgt og tydeleg "nei, for i helvete..."og famla rundt etter øyreproppane mine medan eg lira av meg ord&uttrykk som neppe stammar frå sunnfjord eller andre delar av verda, men proppane var ikkje å finne. truleg har eg fortært dei i søvne, nett som då eg gulpa i meg varmeflaska til Frk. Hekkan og vassplanten til Frk. Spik. Eg prøvde så desperat å få att døra på rommet mitt som etter veker med lufting har slått seg og er omlag like smarbeidsvilleg som ei mor i overgangsalderen, men heller ikkje den ville hjelpe meg til å få ein liten time til på auget. Til slutt fekk eg irritert meg inn i ei slags dvale der eg drøymde at det var julafta, og trukje dåkke at den var mildt sagt heilt forjævlig den og????Svidd ribbe, sur stemning og slaps var det!
No har eg slamra med alle dører, kasta osten inn i kjøleskåpet, banna til veska mi, trampa i gangen, spytta i alle retningar, men framleis er eg ikkje nøgd.
Kan nokon hjelpe meg ut av denne bedritne, vekkasta, sure, udugelige skjetdagen? Eg er to millimeter frå å skubbe småbarn og sparke eldre, skrike til pc'n og sette fyr på forelesaren.
Hjelp.

1 Comments:
Råd fra ei lita kjerring:
1. Stikk haue ut glaset, og be dei være stille. (pingleløysing)
2. Bruk kvinnelist og finn ut kven dei er og kvar dei bur, kjøp trykkluftbor, og dra heim til kvar og ein før fuglane har fått sko på, og la boret gjere jobben. (bitcheløysing)
3. Kjøp boblevin, chevre, sigg og det styste hørselvern som er å oppdrive, og vis fingen til oransjeordenen nedi vegen. (Carrie Bradshaw-løysinga.)
Legg inn en kommentar
<< Home