eg køyrer, ergo er eg ikkje barmfager og menstruerande
Til mi store glede ser eg i Dagsavisen i dag at ein britisk formel 1-førar som heiter Jenson Button viser stor forståing for oss damer og krekser verda over, og våre vanskar med bilkøyring. Som vi alle veit er det eit stort problem at vi stundom har store puppar og ein gang i månaden har mens. Det er dette Button no set søkjelys på, og frårådar oss frå ei karriere innanfor formel 1.Blant anna refererer Dagsavisen:
- En kvinne med store bryster vil ikke sitte bekvemt i bilen. Og mekanikerne ville ikke klare å konsentrere seg. Kan du tenke deg hvordan det vil være å spenne henne fast?
han seier og:
- En gang i måneden ville man ikke ønske å være på samme bane som dem.
Eg takkar Jenson Button for at eg no kan krysse ut formel 1-førar frå lista mi over moglege framtidige yrker.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home