torsdag, november 17, 2005

Operatør; set meg over til brannvesenet er du snill

Symaskina mi tok nett fyr. Eg haldt hovudet kaldt og gjorde det einaste fornuftige: sette den ut på trappa i 40 minutt. No står den midt på golvet i gangen i trygg avstand til alt brennbart materiale. Eg har også sett brannslokkingsapparatet fram på stovegolvet og eg har trykka på batteri-teste-knappen på røykvarslaren. Akkurat kva som gjekk av symaskina er eg ikkje sikker på, men det kan tenkast at eg vart litt for overivrig med pedalfoten.

Dette har fått meg til å lure på ein ting: Eg bur i den eldre trehusbebyggelsen i Bergen. Dersom eg ringer til brannvesenet, vil det då bli full utrykning? 5 brannbilar og full evakuering? Dette opplevde eg då eg budde i Sandviken. Eg ser det for meg. Full utrykning, og her står eg i joggeklede med ei Husquarna frå 1977 som luktar svidd og eit halvsydd stripete putetrekk...
Eg kan eigentleg ikkje nummeret til brannvesenet når eg tenkjer etter, men eg trur det er 112. Kan andre Krekser stadfeste dette? Eller var det 911? Eller kanskje 90210?

3 Comments:

Blogger Frk. Hekkan said...

Eg er og av oppfatninga at ein skal ringe 112 når det brenn. Men eg har alltid lurt på kva som er gale med 111? Er det slik at ein annan viktig naud-instans har hatt dette nummeret, men så blitt lagt ned? Kven var dette isåfall? Futen? Fyllesjukelegen? Losen? Gnisten? Nanny? Dr. Love? Og bør ikkje vi krekser kreve tilbake denne offentlege tenesta som har blitt teke frå oss?

2:19 p.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

Tru meg, det er Gneisten som har 111, dette mystiske nummeret har gått til det (etter mi meining) mest fabelaktige, myteomspunne og freistande yrket ein kan tenke seg. Mi nasegruse beundring for Gneisten kan muligens henge saman med at alt eg veit er at ein Gneist er liten, kjapp, kjekk og vittig og spring rundt i raudstripete genser på ein båt, men enn så lenge er dette nok til at Gneist står øvst på lista mi over draumeyrke.
Når det gjeld eld i trehus, Pudding, så hadde du hatt heile Bergen Brannkorps, Nordnes Bataljon, Ba, BT og Vestlandsrevyen på døra før du hadde rukke å sei spoleknapp, så ved eldspåsetting i verneverdige område gjeld følgande regel: Skift frå joggedress til kjole og boa, rensk tennene for eventuell broccoli og ta fram det du har av patos og skodespelarevner, for beibi: You're gonna be a star!

3:47 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Og ein skal heller ikkje sjå vekk frå at 97 pjokkar med dunbart, duskelue og tregevær hadde vore på pletten før du rakk å sei Ulriken, samt at både Jan Eggum og Kaia Huse kjem putrande i bobla si for å synge ei trist vise om kyssing i Skottegaten 3, samt at Arne Bendixen set seg ned og skriv eit stykke om det heile, som vert oppført på Festspillene 2006. Og då hadde det tatt seg ut om det i sceneanvisningen stod "I rollen som joggebuksekledd syerske: Herborg Kråkevik."

4:05 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home