Sutring i Sunnfjord 2
Eg prøver å halde meg litt oppdatert på nytt og løye i trivselsfylket, sjølv om eg må vedgå at det ofte skjer i underhaldingsøyemed. Vestlandsrevyen kan være til stor underhalding i Arups gate. (Haha, sjå her då, Bjarte, her står Førdepolitiet til knes i elva for å redde åtte sauer, brekande, ilske og med våt ull!) (Ei "heime hos Grimsethen"- reportasje? Oh yes!)
Og sånn går no dagan. Men innimellom er det ting som verkeleg fengjer. Som til dømes eit rettsreferat frå Fjordane tingrett.
Dom i saka falt for ei tid tilbake, men det handla om ein mann på over åtti, som kom fresande i bilen sin, og kunne ikkje sjå fotgjengarovergangen gjennom all den lilla, oransje og grøne stæren, langt mindre fotgjengaren. Så det endte med at karen i vegen fekk eit godsleg knall av støtfangaren, så han rulla over panseret, slo hauet i asfaltet, og mista medvitet. Åtti-åringen fant ikkje dette særleg truverdig, så han hoppa ut av bilen og sparka han fleire gonger, også i hovudet: " for å få han til å slutte med det tullet. Eg var viss på at han simulerte", som det heitte i rettsreferatet.
Dagens ungdom, det tåler no ingenting.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home