Sutring i Sunnfjord 1
Med fare for at det blir litt rorbu her i dag:
Eg har nett vore heime blant sogn og fjordar, og forstått at det sutrast mykje blant folk og fe i Sunnfjord. Er det ikkje det eine, så er det pokker hakke meg det andre. Under eit middagsselskap med ymse blad av familien fekk eg høyre følgande historie, her gjenfortalt fritt etter husken, og med ein fotnote om at den Bergstrømske samla promillen var omtrent 56, 9 då historia blei foralt. (Navn og tittel er endra av omsyn til dei involverte. Kan evt utleverast mot eit glass boblevin.)
Som de sikkert veit har det gått eit og anna ras på Vestlandet i det siste, også i Sunnfjord. Eit av desse smårasa smalt rett inn i eit bustadhus, kor det budde eit eldre ektepar, Astrid og Agnar. Krasj, boom, bang, stein og sand og jord braste gjennom taket, og rett ned i senga kor dei låg. Dei vart visstnok såvidt redda av ein sliten sengebotn som gav etter, men begge fekk meir enn småskrammer, kvinna vart skadd i hoftene, og han i magen. Og ikkje minst måtte dei ligge innesperra til ein nabo kom med gravemaskin.
Ein av slektningane mine kjenner ein representant for øvrigheita i denne bygda, og raset vart eit tema då dei trefftes på butikken. (Ras, orkan og saueflyt. Det er ikkje spøk å snakke om veret.) Min slektning uttrykker sympati med det gamle ekteparet, som fekk ein slik trist start på dagen. Men hos Øvrigheita var det ikkje noko trøst å hente. Han senka stemma, og betrudde:
- Neeeh, du veit, han Agnar, han har no alltid vore så sutrete.
Sutrete!
Sutrete!!!

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home