torsdag, november 24, 2005

Kjære Oslo Sporvegar


Studer bildene til høgre. Eg er litt i tvil når det gjeld stavmannen, men han i berg-duken meiner eg har nytta seg av kamuflasje på ein nyttig måte. Dersom ein passerte på god avstand, og ikkje visste han var der, ville ein ikkje avslørt at han er forkledd som Herr Sedimentær Bergart. Han går i ett med omgjevnadane, når ein ser vekk frå det litt forvorpne uttrykket han har i fjeset. Mitt råd til dykk, kjære Sporvegar, er: Sjå og lær. Sjå og lær. Lær og sjå igjen, særleg før de ikler dykk sivile antrekk for å reise ut og på terror- og innkrevingsraida dykkar. Og ta opp følgande råd på neste husmøte.

1) Neste gang de skal gå undercover, vurder å la han med den enorme, raude barten og Kjell Bækkelund/klovne-brillene vere igjen på kontoret. Med ein så karakteristisk utsjånad blir han nemlig gjenkjent på 500 meters avstand, sjølv om han har på seg koksgrå jakke. Han kan sikkert sysle litt med kopimaskina eller rense kaffitraktaren ellernoko.

2) Gje dei kvinnelige medlemmane av Sporvegs-inkvisasjonen eit hint om at høghæla, dølle sko kombinert med gulogrødog grønn allversjakke - samt ei pittelita veske som du ser neppe kan romme anna enn 20 raude Prince og regningsblokk- vekker større merksemd enn nødvendig er. Og at dei ulykksalige snikarane fort lærer seg å springe som ville helvete når ei dame utspjåka med overfornevnte antrekk dukkar opp.

3) Prøv å, eh, spre dykk litt. Det er kjekt at de har eit godt og multikulturelt arbeidsmiljø, og dette vil eg nødig forpurre. Men framleis er majoriteten av innbyggarane i denne byen så fordomsfulle at ei gruppe på fem; samansatt av to pakistanarar, ei innrøyka dame i femtiåra, ein ung vietnamesisk gut, og ein superatletisk blond mann midt i tjueåra, som står på Tøyen T-banestasjon i ein liten ring, pratar, skoggler og deler ein firkløver, ikkje går upåakta hen.

Vanligvis har eg min billett på det tørre, så eg blir ikkje engstelig når eg ser dykk, men ei sangstrofe dukker opp i hovudet mitt. Nemlig Knutsen og Luvigsens "Ku i tunnellen". Eg pleier å begynne ved "Hva gjør de fem her så sent på kvelden, ja hva gjør de sammen tro? Vil de logre eller gjø..?"

4 Comments:

Blogger Hilde said...

Ååå hattstativ
Ååå hattstativ
Våre hjerter blør!

10:21 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Mitt fyrtårn over folkehavet er han store, litt lute med de triste øynene. Da fisker jeg frem månedskortet med en gang.

1:45 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Åh! Han hadde eg heilt gløymt! Eg synest alltid litt synd på han, og er kjapp med å finne fram kortet, mens eg klistrar på meg eit forsonande og jovialt smil. Men er du ikkje einig at han ser ut som han har lagt altfor lenge i badekaret?

1:14 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Badekarformet og utflytende. Og litt trist, ja.

5:51 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home