tirsdag, desember 27, 2005

Kjenn ingen sorg for meg...














Nattelivet i Førde, Trivselsfylket kan igrunnen oppsummerast i sørgeleg få punkt:

  • Splitter Pine, karaokeversjon, Partybussen. (-Høgdepunktet!)
  • - Nei, du må ha billett for å komme inn på Pikant. Og det er utsolgt. ("Jøss - kvifor denne pågangen? Skal Nirvana gjere comeback med orginalbesetning, eller kva honen er greia?)
  • Nei, ingen fleire kjem inn på Tresken. (- Å herregud. Vi er ikkje ein del av Treskens in crowd. Blø, hjerte, blø.)
  • Nachspiel med raudvin, konjakk og Bristol Cream.
  • Tenne eit ljos for ho salig I. Svelge ei tåre og klappe på gravstøtta mens ein dum, teit brølape gaular i telefonen at "Sei til Ole at han skal pule seg i ræva, no kjem eg bortøve!"

O helga natt.

1 Comments:

Blogger Frk. Spik said...

Det er godt å høyre at også andre krekser har gaula splitter pijne i partybussen! eit meir passande navn kan ein jo ikkje få på ein taxi med karaoke, og vi konstaterte nøgd at fyrste gong vi har køyrt karaoketaxi er i Trivselsfylket. I eit snev av fylleangst var eg redd for at han hadde skjult kamera i taket eller opptaksutstyr kobla i mikrofonen, og eg lurer på om det verkeleg er sant at ein får avslag på prisen jo meir ein syng. Isåfall føler eg meg bittelitt lurt, for vår innsats var det ikkje noko å utsetje på, men i det minste trøysta (og med dårleg samvit) av at ein stakkar i harry skinnjakke sat igjen med rekninga. Eg håpar berre du, hårete, pløsete partybuss-sjåfør som likna på ein bleik kopi av Ole Ivars, fekk godt betalt denne kvelden.

11:17 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home