lørdag, desember 17, 2005

Noko spesielt

Eg sluttar aldri å forundre meg over folk som insisterer på å bruke ordet spesiell om folk, ting og ymist anna som dei ikkje kan like, forstå eller akseptere.

Døme fra virkelegheita:
  • Ny kjole? Ja, den var spesiell.
  • Ho har ein spesiell form for humor.
  • Kan vi ikkje høyre på litt mindre spesiell musikk?
  • Ho har no alltid vore så spesiell.
  • Her lukta det spesielt.

Uuuhrg. Køyr banalitetstesten, bytt ut ordet spesiell med det motsette, altså generell, og sjå om setningane gjer meining.

Ikkje, nei?