Stol-krigen
For min eigen del kom eg i motsetning til Hekkan inn på Pikant. Kvelden gjekk mot slutten, det blei trangare, og eg og Frk. Spik fekk karra til oss to stolar som vi satt på for harde livet. På andre sida av bordet satt ein gamal kjenning, då ikkje av det hyggelege slaget. La oss kalle han Kristus Helvetesen. Eg meiner å hugse at han hadde kasta olme blikk i vår retning ei god stund, og når nokre kameratar av denne KH dukka opp, lente han seg tøft over bordet. "ØYH! Dei plassane der var opptatt!", sa han og nikka mot stolane vi hadde rukke å sitte varme. Vi målte kvarandre med blikket. (Kven er tøffast?) Med ei jernkvinnes ro i magen lente eg meg over bordet, og sa avmålt, knapt og med forbausande roleg stemme: "Det kan du berre drite i". Blikk-krigen varte i enno nokre sekund, før han trekte seg tilbake til si side av bordet og nikka. Eg vann stolane. Eg var tøffast, og det kjentes godt.

1 Comments:
Denne historia har alt fått soge-status...Den blir gjenfortalt, fnist over, knegga åt og i det heile teke..."Det var den jula då Folgen bad KH drite og dra. Lukt til pises og hilvet kunne han dra!!! ja jæggu! Det var på tie at han fekk høyre kor skapet skulle stå og nett KVA han berre skal drite i... ja, og meire til!"
Legg inn en kommentar
<< Home