mandag, januar 02, 2006

Damene Firda gløymde

Ein uunngåeleg del av det å kome heim til Trivselsfylket, er å hive seg over Firda. Nyhenda kan være nære og tjomslege, eller trivielle og teite, det spelar ingen rolle. Stas er det likevel. Denne jula skapte til dømes julenetene stor begeistring i nerde-heimen. Men det har ikkje berre vore fryd og gaman. Eg har vekselvis lidd, vekselvist fnist, og tidvist gremma meg gjennom Firda sin julespesial, der unge og lovande kvinner frå Sogn og Fjordane fekk sine 15 minutt i Trivsels-søkjelyset. Og eg må innrøme at eg nesten, og berre nesten, vart litt snurt. Kvifor er ikkje vi Krekser regna som unge og lovande- Hæ, hm, hæ? Eg har lyst til å rope det høgt ut - "eg og vil klamre meg fast til kaffikoppen! Eg og kan fint seie blablabla, mens eg tar ein nougat-twist! Eg og vil fortelle alle om då eg mista ein liter mjølk i golvet, og det berre var fem minutt til bussen gjekk!" Åååå!

Før den bløgga stoltheita mi tvinger meg til å gøyme meg bak ei hes og aldri kome fram igjen, kan eg beint fram vedgå at eg ikkje alltid er så lovande. Ei heller så fantastisk ung lenger, heller. Så la gå. Men det finnast då mange andre festlege vignettar, andre enn "Ung og lovande frå Sogn og Fjordane?"
Til dømes:

"Ung og dum frå Sogn og Fjordane"
"Ung og sjåvinistisk frå Sogn og Fjordane"
"Ung og naken frå Sogn og Fjordane"
"Ung og furten frå Sogn og Fjordane"
"Ung og oppblåst frå Sogn og Fjordane"
"Ung og ellevill frå Sogn og Fjordane"
"Ung og småkåt frå Sogn og Fjordane"
"Ung og gniten frå Sogn og Fjordane"
"Ung og domfelt frå Sogn og Fjordane"
"Ung og jodlande frå Sogn og Fjordane"
"Ung og KKK-medlem frå Sogn og Fjordane"
"Ung og ille tilredt frå Sogn og Fjordane"
"Ung og kysekledd frå Sogn og Fjordane"
"Ung og forvorpen frå Sogn og Fjordane"
"Ung og HIV-negativ frå Sogn og Fjordane"
"Ung og knekkebrødetande frå Sogn og Fjordane"

4 Comments:

Blogger Frk. Fjas said...

For å ikkje snakke om klassikaren :
"Ung og Full frå Sogn og Fjordane"

11:41 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Eller "ung og vaken frå j.... klokka 05:22 i natt, frå Sogn og Fjordane" NO JA, no kan du bli trøytt! klokka 10:50! Eg gir opp, døgnrytmen har nådd nye, skrudde høgdepunkt.

10:52 a.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

No: Ung og skamklipt fra Sogn og Fjordane

1:43 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

For ikkje å snakke om: "Ung og sliten på ein Plata-aktig måte frå Sogn og Fjordane".

3:46 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home