søndag, januar 08, 2006

Ung med futuristisk klipp fra Sogn og Fjordane (langt innlegg for spesielt interesserte).


- Ingenting kommer til den som sutrer, sa mor i si tid. Kanskje ho ikkje sa det så slogan-prega, men dette var jaffal moralen. Den følgande historia vil vise at mors utsagn er ei sanning med sterke modifikasjonar.

(Omtrent slik, berre endå surare)


Eg var for å ta nyttårsklippen. Nytt år, nye moglegheiter, nytt hår. Ein del av håret mitt vart ganske skadelidande etter Cubaturen, der eg meir eller mindre frivillig levde på ein diett av bønner, sol, ris, cuba libre, og saltvatn. Innvortes som utvortes. Nok om det. Her skulle det klippast, og eg pleier å støtte Adam og Eva når hår skal kuttast. Det er eigentlig teit, nett som å kjøpe Fornarinabukser; samme skiten, hipp innpakning - men ein gjer det likevel. Denne gongen skulle eg berre ta litt av det herpa ragget, ikkje mykje. Neivelnei. Dama klippa iveg, og vi fann raskt ein smalltalk-frekvens kor vi eigentleg hadde det ganske så festleg. Så begynner ting å skje. Frisøren må ta ein telefon, hennar ekstremt Butchy kjæreste kjem med Chicken Nuggets, og eg nyttar høve til å kjenne litt etter bak i nakken. Og vert bleik. Det litt store håret, som alltid har vore ein del av identiteten min, ligg i laser på golvet. Tilbake er noko som kjennest ut som ein jødehatt, altså ein liten klædd på bakhauet. Samt ein ekstremt lang, tynn, flisete hockey. Og ein noko pussig lugg. Veldig Surferosa-Mariann anno 2009, berre med krøll.

Sveisen er så hipp at berre ei handfull menneske har sett den før.

- Se her, nå kan du se deg i speilet, seier frisøren, og held et speil bak hauet mitt.

Sjokk og vantro. Det er det hesligaste eg har sett nokonsinne. Og eg er så sliten etter ei lang arbeidsveke, at eg ikkje orkar å ta meg saman.Tårene pressar på, og eg prøver å presse dei tilbake. Men skuffelsen finn sin veg ut.
-(Blankt blikk) Eg...trur ikkje eg synes det var så fint! Nei og nei! Unnskyld!
(Taushet fra frisøren.)
- (Gråtkvalt stemme og bevrande underleppe) Dette var ikkje det eg hadde tenkt meg. Den flisete hockeyen må vekk! Beklager, eg er lei for at eg ikkje likte det!
- Vi kan jo vaske og føne på nytt...
-(Ser mismodig ned på lokkane på golvet, og seier med skjelvande stemme) Jajaja, det er jo berre hår. Men eg ser jo ikkje ut (hikst)... Og eg skal ut og ete no, og kan ikkje gå sånn!!! (på "sånn": knekk stemma).

For å gjere ei lang historie litt kortare: Nakkehåret måtte gå, eg snufsa dramatisk, og den stakkars senior stylisten gjorde det ho kunne for å rette opp Jødehatt møter Surferosa.

Eg snufsa litt til, og gjekk ut derifra med hua godt nedtrekt, og løfte om fleire gratis hårbehandlingar. I går var eg der og blei blond for free, og eit stille overslag fortel meg at eg har tjent eit par tusen på å sippe hysterisk.
Ikkje at det gjer sparesveisen eg sit igjen med noko finare, men dog. Sipping funkar.
Høyrer du, mamma?

1 Comments:

Blogger BLODKLUBB said...

Eg har hatt den same opplevinga på Kick i Bergen, men i staden for ein jødekalott sat eg tilbake med ein tråd på den eine sida og ei vinge på den andre. Eg sa at eg var kjempefornøgd.

4:05 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home