Hysteri i tyll


Embets medfør tok meg i dag til Christiania Glasmagasins "Bryllypsshow 2006". SAS hotellet var for dagen smekkfull av tindrande, oppskjørta komande bruder, og ein og annan lett molefonken brudgom. For at dette var damenes dag, var det ingen tvil om: Catwalkshow med alt ei brud kan ynskje seg. Undertøy, vesker, brudepiker i tyll, og enorme blautkakekjolar.
Utrdag fra dialogen mellom Christiania Glasmagasins bryllupsdame og frk konfransier:
K:- Ja, og så er det jo brudebuketten. Den er det jo brudgommen som skal betale?
CG- Ja, det stemmer, men det er ofte kvinnene som velger den ut, og så kommer mannen og betaler.
K:- Hvor mye koster en slik bukett?
CG:- De begynner på 2500, men det er jo et kunstverk, da.
Vidare var det ein times pause i showet, der alle måtte vandre rundt og kike på alt anna vi ikkje visste at eit bruderpar treng for å gjere dagen minneverdig: Kaker i åtte etasjar fra Pascal, lyd og lysanlegg fra Partyman, sølvbestikk fra David Andersen, samt strømpebukser på sprayboks fra Air Stockings. Det mest tacky var ei fontene som rann over med smelta sjokolade, som gjestane kan dyppe marshmallows i, mens heile monsteret roterte med ein mekanisk lyd. Og eksessen! Mengdene av alt vi treng og må ha! Diskusjonane eg overhøyrde om ringar med eller utan stein, bordkort, gavelister, slep eller ikke, rosa eller blank sjampis, blomstervalg, og sjaklett eller dress til herren?
Det var som å få ein klut dynka med rosa Date-parfyme pressa mot nase og munn, heilt til blodsukkeret nådde sitt endelege all time high. Eit helvete i tyll og piska krem.
For kva er no dette brudehysteriet? Er det den prinsessedraumen vi alle går og ber på?
Ikkje for å være gjerrig eller asketisk, sær eller moralistisk. Men dette nærmar seg groteske dimensjonar. For ikkje å snakke om latterlege. Fyllesjuk som ei ulke, måtte eg fnisehoste diskret når The Wedding Planner la ut om gavelister, designbestikk og damaskdukar.
Men eg jaffal fått sukkersjokk, så om det blir gifting her i huset, så bli ikkje forundra om det kjem invitasjon til bryllup på eit forblåst skjær, der det blir servert øl til forrett, blåskjell til hovedrett og pistasj-is fra boks til dessert, brudevalsen dansast til Nick Cave sin "The Ship Song", og der dagen var starta med traktekaffi og 18-trikken til Tinghuset.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home