torsdag, januar 12, 2006

Deilig å ha noen å hate 1

Det er ikkje pent å mislike folk man aldri har møtt. Men eg må sei at eg kjenner ei utvendig kløe og ei sterk innvendig avsky når eg ser Gro Dahle. Eg grøsser når eg ser ho kvine av gårde på sparkesykkel, med fett hår i musefletter og gul og grønstripete tights.

Og dikta ho skriv er avskyelige, for ikkje snakke om dum, teit og barnslig.

Er det frykta for trusselen Barnekvinna utgjer som gjer seg gjeldande? Finnast det krekser og lesarar med eit par vekttal eller ti i psykologi som kan fortelje meg kvifor eg nærer denne innbitte forakten?

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg for min del elskar Gro Dahle! Det er betre å ha nokon å elske enn å ha nokon å hate! særleg Gro Dahle!

10:50 a.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Prinsipielt er eg så einig, så einig. Og eg må halde fram at eg ikkje driv og hatar Gro Dahle aktivt, og sender henne rotne egg og bæsj i posten og sånn. Eg vil heller kalle det passivt hat, som betyr at eg frys på ryggen og lagar ulydar når ho dukkar opp på skjerm eller avis.

12:00 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Eg har også ei fullstendig, usakleg og ugrunna hatkjensle for Gro Dahle. Og det, sjølv om eg på ein måte har sansen for ho! På den eine sida tykkjer eg at den stripete tightsen, museflettene og den pistrete stemma er noko av det mest usjarmerande som treff nett/trommehinna mi. MEN - samstundes likar eg tanken på at dama verkeleg sparkar sitt eige løp på sparkesykkel, om enn det er litt påtatt. Og med skrekkblanda fryd tenkjer eg på at ho laga vaflar av morsmjelka si. Eg veit ikkje kva ho gjorde med dei, men eg håpar at dei blei servert i eit pent kaffiselskap.

Eg reagerer både med avsky og beundring!

Og for all del, gløym ikkje eventyret om lillepupp, mellompupp (?) og storepupp.

3:28 p.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

Etter aa ha vist dette bildet av galne og freske Gro med ei kraake paa museflettene til eit ymse utvalg indarar, er konklusjonen at disse ukjenslene for morsmjelkmonsteret er globalt. Nokre skreik og kasta seg paa bakken, andre grein medan andre igjen kasta baade ungane sine og kokekar etter meg. Fellse var at alle ropte det smae: Daaaahle, crazy woman Daaaaaahle!
Er det ikkje fabelaktig?

10:29 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home