tirsdag, januar 24, 2006

Deilig å ha noen å hate II (Stating the obvious)


Eg hugsar godt då eg begynte å hate denne marekatten frå Hardanger. Eg låg intetandande på sofaen og såg nyhenda, då ho steig fram på skjermen i all si uprakt.

- Neeei, mooor mi va heima me oss då me va bonn, og me har no ikkje tatt noko skade av det! skingra ho.

Og eg har ikkje blitt noko meir glad i denne epleblomen etterkvart som åra har gått. Eg synes ho er reaksjonær og nifs, og ikkje det minste fresk, sjølv om ho lar seg kysse av Shabana og kvin "La det svinge" med det nebbet ho har. Ikkje at eg ynskjer Vally noko vondt her i livet, ei heller at ho skal måtte gå utan arbeid i all eve.
Men eg har eit vevert lite håp om at ho kan halde seg langt unna maktposisjonar i uoverskodeleg framtid. (Og det gjeld satan hakke meg stillingar i kulturlivet og.) Det finnast mange kjekke jobbar der ute.
Kan Kreksene tilrå stilling som værmålar på Stabben fyr, til dømes?

4 Comments:

Anonymous Anonym said...

Alltid skal no eg øydelegge!
Rett nok blir det for drøyt å påstå at eg elskar Valgerd like høgt som eg elskar Gro Dahle, ja, det blir nok for drøyt å påstå at eg elskar Valgerd i det heile tatt, men eg synest ho er ganske tøff, og eg er faktisk ganske ofte samd med henne. Homosynet hennar kan eg likevel styre meg for.

1:42 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Men synest du ho verkeleg er tøff, eller at ho framstår som relativt tøff i kontrast til resten av nissefjasgjengen ho omgjev seg med?
At ho liksom vert "kul-til-KrF´ar-å-vere"?

2:35 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Njaa. Ikkje "kul-til-krfar å vere", men kanskje "etter forholda kul".

9:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Stabben fyr? Nei takk.
Me ve'kje ha ho her i fylkje heller.
Ikkje om me fekk betalt fø' da.

Ei mor

6:06 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home