Lenge leve appelsina
På den brune skrivebordslampa mi kan ein sjå spor etter eit avskala og falma lysegult klistermerke (eller klebemerkje, som pappa kallar det). Det er frå mållaget, og eg kan skimte parolen "meir nynorsk i kvardagen". Av både brunfargen på lampa og den noko ufancy formgjevinga til klebemerkjet kan ein forstå at denne lampa har fulgt meg stort sett heile mi akademiske karriere frå barneskulen til universitetet. Og eg har i alle desse åra sett på meg sjølv som ein fornuftig og trufast nynorskbrukar som vel sine ord og bøyingar med omhug.Det er difor med sjokk og vantru eg denne søndagen oppdagar at eg har levd på ei løgn. Ei løgn om nynorsk bøying av diverse substantiv. Sjølvsagt har det irriterande retteprogrammet i word ein finger med i spelet her. For i det eg skal skrive appelsina i teksten, kjem word med forslag om å rette dette til appelsinen. Eg ler litt snørrhovent for meg sjølv, og tenkjer at dette er nok ein feil programmert av toskne bokmålsfolk. Og sidan eg ser på meg sjølv som fornuftig og flink nynorskbrukar, set eg aldri mi fulle lit til dei noko tilfeldige raude strekane i stavekontrollen før eg har konferert litt med Hellevikjen. Den gule nynorske ordlista kjem kjapt til unnsetning.
Men kva er det eg ser???
appelsin -en, -ar, -ane (-hud)
Appelsin er ikkje eit hokjønnsord! Eg har verkeleg, i heile mitt liv, trudd at det heiter Ei appelsin - appelsina - appelsiner - appelsinene
For å få litt utdjuping av problemet slo eg også opp i minigrammatikken, og det viser seg at heile kapitelet om hokjønnsord er problematisk. Det heiter heller ikkje dronninger, men dronningar.
Kvifor har ikkje eg fått med meg dette før?
Er det sunnfjorddialekta (nordleg e-mål?) som snyt meg?
Er det knoting?
Er det seinskadar frå å ha vokse opp med bergensk innflytelse?
Er det 12 år med slapp norskundervisning?
Er det manglande påverknad frå Mållaget?
Er det Ivar Aasen som ikkje har gjort jobben sin?
Er dette eit sak for språkteigen eller Sylfest Lomheim?
Er det mi sjølvgode og ukritiske haldning til eigne rettskrivingsevner?
Er det berre eg som tykkjer at appelsina og appelsinene ser og let betre enn appelsinen og appelsinane?
Heile situasjonen gjorde meg så oppkava at eg måtte roe meg ned med litt kringlebakst.
No, når eg har fått det litt på avstand og utløp for det verste sjokket tenkjer eg fortsatt skrive appelsina og appelsinene inntil det motsette er bevist!

7 Comments:
Sjølvsagt er appelsin eit hokjønnsord! Eg er i sjokk! Appelsinen?! Eg vart forresten skulda for å knote her om dagen. Dette fordi ei jente hadde utgitt seg for å vere frå Førde, sjølv om ho strengt tatt er frå Guddalen, og difor har ei langt breiare "Førde"-dialekt. Eg vart faktisk ganske irritert av å verte samanlikna med ei som nesten er Sogning i kven som snakkar ekte Førde-dialekt. Det er dessutan belastande å skarre, men dette er det ingenting å gjere med. Tru meg; eg har prøvd å rulle i 20 år.
Eg er rysta! Eg har alltid vore støare i sidemål (også kjend som bokmål) enn i nynorsk, men skjølv i mitt knoteøyre lagar "Appelsinen" støy. Dette kan vi ikkje akseptere! Samling i bånn, no!!!
Eg melder meg inn i protestkoret!
nåja.
har ein konferert med Hellevikjen, så har ein konferert med Hellevikjen.
Dette minner meg på ei gåte;
kor mange krekser må til for å skifte ei lyspære?
sju.
ein til å ringe elektrikaren, og seks til å krangle om dei skal skifte ei lyspære eller ei ljospære.
& kanskje ei siste til å synge om kor fin den gamle var.
frekk ad munde? nei. ;)
Baste, Baste. Du gløymer at vi må ha ei til å bake kringler, ei til å røyke/drikke øl for å gjenvinne fatninga, ei til å ringe heim til sunnfjord for å spørre mor om råd, og ei til å blogge det heile.
Eg er einig i at appelsin de-fi-ni-tivt er eit hokjønnsord. Kanskje litt meir tvilande meiner eg at også banan er eit hokjønnsord, og eg veit eg har mange med meg.
M
Ja, nett det same gjeld banan!
ei banan
den banana
dei bananene
ditta blei jo nesten eit dikt!
Legg inn en kommentar
<< Home