Lite snev av aktivisme
Ei underleg gjensyn med gamal, rotekte aktivisme - laurdag var eg på veg ned rulletrappa på Oslo City. Eg burde vite kva eit slikt besøk gjer med chakra og adrenalin, men no måtte eg eingong trasse folkeangst og rekke polet, samt pile ein kjapp tur innom han Tanum i tredje. På veg ned stod eg rett bak eit guttepar på laurdagshopping, som uanfekta av dei klaustrofobiske og oppjaga omgjevnadane plasserte eit kjapt, mjukt og høglytt kyss på den andre. Smask. Det heile tok eit halvt sekund, men blei oppfatta av ein bartemann i botnen av trappa.
Som responderte med eit utvetydig teikn: peikefinger som blir dradd horisontalt over strupen.
Polposen med to flasker vin begynte sporenstreks å svinge. Og då eg gjekk forbi Svinepelsen, sendte eg den med full kraft inn i skinnleggen hans. Og kvitra eit sukkersøtt "Oj, unnskyld!"
Er eg stolt? Nei
Skjems eg? Tja
Var det godt? Åh ja!

3 Comments:
Heia, heia! Ser for meg deg når du blir så tilårskommen at du finner det naturlig å bruke håndveske i imitert skinn. Klask! i pannebrasken. Gi aldri slipp på aktivisten i deg!
lurer på korleis han hadde reagert om det var to jenter..
eg vart oppglødd og glad over reaksjonen din!
Eg også!
Legg inn en kommentar
<< Home