torsdag, februar 23, 2006

Deilig å ha noen å hate III

Eg hatar denne mannen omtrent slik eg hatar slapseføre og søt kvitvin. Hatet er altså ikkje spesielt brennande, det har meir form som ei sterk kløe.
Eg trur det har med JFK sitt upåklagelige humør å gjere. Han er alltid ved ekstemt godt mot, høg på seg sjølv, høg på Idol, høg på Kurt Nilsen. Takk Gud har eg ikkje opplevd han høg på Janne Formoe, men det hender vel sikkert det og.

Eg blir sur når eg høyrer den sjølvgode brølape -gnuringa hans:
"Muahahah, det var bare sååååå fett."... Og da sa Willie Nelson til Kurt, at listen here, Kurt, why dont we...muahhhhaahaha! " "Fyyyyyyyy faen, dette kicker sååån ææs!"

Nokre gonger lurer eg på om tennene hans kjem til å sprette gjennom skjermen, når han opnar kjeften og vræler inn i stova mi.

Tradisjonen tru kan kreksene tilrå ei anna stilling, i JFK sitt tilfeller tilrår vi helsevesenet. Eg har sjølv vassa i sondemat og avvikssjema, og veit at helsevesenet skrik etter barske gladlaksar, med upåklageleg humør og blaut humor, som ikkje er redd for å dra fram gitaren og ralle i veg. (Eg er ikkje spesielt blid eller humørfylt, og er temmelig råtten på gitar. Kanskje det var difor eg stadig fekk meg to tette i arbeidstida?)

Kreksene tilrår: Jan Fredrik Karlsen søkjer seg snarast ny jobb som miljøterapeut, evt assistent.

5 Comments:

Blogger Bruno Angelface said...

ok. så lenge han held seg milelangt unna Østensjø bydel. Sjår eg han derimot i nærleiken av linje 4 mot Bergkrystallen kjem eg sporenstreks til å springje ut av vogna for å leggje to pinner i kors.

& dette er ei åtvaring JFK, eg kan ikkje judo, men eg spring som vinden.

6:33 p.m.  
Anonymous Anonym said...

*fnis*

9:05 a.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

Kreksene sin Asiakorrespondent vil herved anbefale JFK til aa snarast ta kontakt med ein av barneheimane til salige Mor Teresa for aa synge og spele for mishandla og utsveltne skaberakk av nokre fyrstikkborn som basajar paa spisebordet. Om ikkje dei faar litt solskin i kvardagen vil dei iallefall faa nokon aa ta ut alt sitt postraumatiske stress og generelle aggresjonsproblem paa, og daa vert vi nogde i India saavel som i Noreg.
Transport vil bli arrangert ved ankomst.
Vel mott, Jan Fredrik!

12:17 p.m.  
Blogger Frk. Pudding said...

Vi må hugse å skrive "invitation only" for visst ikkje dukkar det fort opp 50 000 skodelystne indarar.

12:43 a.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Eg trur det var kara i karate (eit radioprogram eg fortsatt refererer til sjølv om dei fleste andre har gløymt det) som fortalde at denne mannen har brystvorter som ser ut som store, pulserande salamiskiver. Eg reknar med at dei er av den danske typen (tulip?) med ein særs unaturleg syklamrosa farge. Og for guds skuld, ikkje bring (ei salamietande?) Janne Formoe inn i dette...

10:46 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home