mandag, februar 27, 2006

To ting eg ikkje kan like

1) Her i dag såg eg atter sola blenke i ein velkjend isse, og forsto at det var min grimme eks fra forrige årtusen, som i all si uprakt har begynt å figurere på MIN buss. Han går endåtil av på MITT stopp. Dette har ført til at eg må ikle meg imaginær lausbart, frakk og avis, samt ta bussen eit stopp lenger for å unngå konfrontasjon. (Sjå ellers innlegget "Ti teser" posta i oktober. Eg skjøner diverre ikkje fnatten av korleis eg skal lenkje dit.

2) I går slo eg av ein kjapp naboslarv med den trivelege mannen i 3. etasje. Då kom det fram at grilldress-iranaren vi deler gang med, har trua Hr 3. med kniv, fordi han ikkje vaska gangen så ofte som grilldress-iranaren syntes var naudsynt.

Eg noiar, og dreg ein Jon Fosse: Det er denne uroa. Nokon kjem til å kome.

(Og nei, det er ikkje mor mi som går over golvet. Hadde det enno vore så vel.)

1 Comments:

Blogger foglen said...

Når det gjeld naboskap og trugslar, så har eg ei fin historie frå den gong min kjære var ny i Oslo og delte eit hus ved Bjerkebana med ein lettskremt venn og nokre andre meir og mindre tvilsame personar. Huset var av sorten det ikkje utan vidare er naturleg å invitere svigermor til, og eg må innrømme at eg aldri turte å gå på do der. Den som blei truga var ein konstant hasjrøykande, Eminem-elskande amerikanar som budde på naborommet. Den trugande var han som budde på loftet og ifølge den lettskremte vennen pulte høglydt halve natta med ei bigbrother-utsjåande dame som kom på besøk kvar kveld. Denne loftsbuaren hadde sett seg lei av at han hadde lagt ut for ei flaske zalo til fellesen, utan å få pengar tilbake. Difor trådte han likegodt opp på døra til den dopa amerikanaren med balltre. Med andre ord eit godt og velfungerande bukollektiv. Det seier seg kanskje sjølv at min kjære og hans lettskremte (no vettskremte) venn ikkje blei buande i huset ved bjerkebana så lenge etter dette...

8:59 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home