"Men er han ikke oversatt til norsk?"

I løpet av dagen har det gått opp for meg at Frode Grytten har vunne Riverton-prisen. Eg stilte meg undrande til den første kunden som kom flygande og skulle ha "Flytande bjørn". Vedkommande var ein mann i slutten av 50-åra, iført mørk dress og ein hastig stresskoffert. Ingen typisk Grytten-lesar her på beste vestkant, men han klarte heseblesande å forklare at han elska krim, og at Gryttens forfatterskap merkeleg nok hadde gått han hus forbi. Eg prøvde velmeinande å forklare at eg ikkje synst "Flytande bjørn" er nokon typisk krimbok, noko den stressa mannen stilte seg undrande til. "Men han har jo fått Riverton-.prisen!" sa han og såg på meg som om eg var den dummaste bokhandlaren i manns minne. Sidan nyhenda om prisen hadde kome for ca ein time sidan, og eg i motsetnad til han, ikkje hadde brukt heile formiddagen på å lese nettaviser, kunne eg berre uttrykke positiv undring for dette.
Mannen i mørk dress var så oppsatt på å få med seg Grytten si bok at han ikkje tok nokon kikk verken på baksideomtala, eller hang seg opp i tittelens eine veldig nynorske ord "flytande". Det gjorde derimot neste kunde som hadde fått med seg den nyvunne prisen.
Dama var i 60-åra, og ein vandrande pelsbunte av pent språg. "Denne boken til Grytten - noe med bjørn? Han som fikk prisen..." sa ho, korpå eg fann fram boka til ho og kommenterte at Grytten skriv veldig godt, ja han har jo vunne Riverton-prisen i dag! (ny kunnskap er også kunnskap). Dama var av det pensjonerte slaget med god tid, og ho merka raskt at noko var i gjerdet. "Men er det dialekt?" spurte ho etter å ha lese litt av baksida. "Nei, det er nynorsk", retta eg. "Frode Grytten er nynorskforfattar, det er språket han skriv på." Dama rynka på nasen.
"Er han ikke oversatt til norsk?" spurte ho.
Eg lar meg provosere. Ein nynorskbrukande kollega seier eg berre må heve meg over det. Det er sikkert riktig at det ikkje tek seg så godt ut å begynne å diskutere med kundane, og bli sur på nynorskens vegne. Står ein bak ein disk skal ein eigentleg finne seg i det meste av uvitenheit frå kundehald, også i målsaka. Men eg kan ikkje hjelpe for det - og innrømmer glatt at det er få nynorskkommentarar eg klarer å la passere.
Om nynorskbøker er oversett til norsk, er ein gjengangar, og Frode Grytten har fått gjennomgå i så måte. "Bikubesong" er ein suksess på teater, men mødre her i strøket meiner det blir for vanskeleg for deira 18 år gamle born å skulle lese boka på originalspråket. "Er den oversatt til engelsk, da?" var det ei mor som ville vite. Ho meinte det kom til å vere enklare for hennar son å lese "Bikubesong" på engelsk enn på nynorsk.
"Hvor står nynorskbøkene" spør dei snørrhovne ungdomsskuleelevane som har fått i oppdrag å lese nynorsk på skulen. Når eg forklarar at vi ikkje skil ut nynorskbøkene frå dei andre bøkene, ser dei heilt skrekkslagne ut. Ei mor kom rasande til meg for nokre veker sidan og ville vite kvifor vi hadde sett den nynorske barneboka "Kasper på skulelaget" saman med dei andre barnebøkene. "En kunne jo ta feil!" sa ho harmdirrande. Eg klarte ikkje å la sjansen gå frå meg, og svarte "Ja, det ville jo vore grusomt." Ho tok sjølvsagt ikkje ironien.
Men det finst heldigvis lyspunkt, til dømes den tydeleg utanlandske dama som tilfeldigvis stod ved disken medan ein anna kunde klaga over at han hadde fått Hoems siste til jul, og kor grusomt var ikkje det når boka var skriven på grautmål! Den vidunderleg skjønne dama braut inn i diskusjonen, og sa at ho foretrakk nynorsk som målform. "Det er jo mye vakrere" sa ho på stotrande bokmål.
Og faren, sjølv frå austlandet, som kjøpte ein stor pose full av nynorskbøker for at sonen hans skulle sjå verdien av landets to skriftspråk. Han fekk eit klapp på armen når han gjekk.

9 Comments:
Eg sluttar aldri å verte forferda over dette folkeferdet som insisterer på at nynorsk er ein barbarisk uting...For ei tid tilbake havna eg i disputt med ein kar som insiterte på at Sogn og Fjordane var ein kommune, ikkje så langt fra Ålesund.
Etter nokre øl kom det fram at bestemora hans var frå Fjaler. Det bur ein sunnfjording i oss alle...)
Det er få ting som gjer meg meir provosert enn folk som rakkar ned på nynorsk. Det er som rasisme! Eg skygger unna slike diskusjonar fordi eg helst ikkje vil høyre kva folk meiner om nynorsken ettersom eg i ettertid ikkje vil vere i stand til å sjå på personen uten å tenke "rasist!"
Eg er imponert over at du ikkje sparkar fleire kundar på haue og ræva ut!
Det sluttar verkeleg aldri å undre meg at folk gjere seg så dumme, og i tillegg kringkaste det i hytt og pine. Kva er det dei vil? At vi skal merke nynorske bøker med ein raud trekant og store, tjukke bokstavar der det står:
ADVARSEL - kan inneholde spor av graut, bonde og kuraut! Denne boken kan i verste fall utvide ditt ordforråd og gi en bredere kulturell kompetanse.
Eg får lyst til å grine av denne posten! Medan eg i går var så dum at eg gjekk inn på nynorskdebatt på BA sine sider og las. Eg kjende eg blei raud og harm.
(http://www.ba.no/meninger/kranglefanten/politikk/article422333.ece - om nokon ønskjer å la seg provosere. Legg i så fall merke til kor ufatteleg nazi mange av innskrivarane er.)
Maria
Retting, sidan eg no først hadde posta peikaren:
http://www.ba.no/meninger/kranglefanten/politikk/article422333.ece
(Men eg åtvarar altså; like gjerne som å kveike til kamp, kan dette gjere ein fullstendig motlaus.)
Maria
Det visest ikkje! Eg får berre orsake, også for plassbruken.
Bh,
Maria igjen.
jeg ville sparka mange av de omtalte folka hardt i ræva. men å være fra oslo vest er omtrent som å være fra USAs øvre lag. er stavanger hovedstaden i bergen? er nynorsk og samisk det samme? ligger nynorge nord eller sør for polarsirkelen? jeg var selv en slik, men blei omvendt før det var altfor seint. man får bare ha oss unnskyldt. og sparke hardt i ræva når anledningen byr seg.
Eg vart øsen då eg såg på MTV i går, og dei har ei spalte som heiter "Heitt nett no"! Gjer dei narr, eller er dei veldig kule?
Kanskje er det spit, men eg vel å snu på det - MTV har oppdaga at det er vi, nynorskbrukarane, som er kule! eh... dette held vel strengt tatt ikkje vatn.
Legg inn en kommentar
<< Home