Observert
Dette har eg observert dei siste dagane:: Hotell Cæsar-stjerner tar ikkje hensyn til mjuke trafikantar på veg til jobb. Her om dagen blei eg nesten nedkøyrd av ein bil full av Hotell Cæsar-skodespelarar som hensynslaust og utan å sjå seg for køyrde rett over fortauet eg gjekk på ved Bentsebrua. Klokka var ca 10 over 8 om morgonen. Ikkje veit eg når desse menneska byrjar på arbeidsdagen sin, men noko seier meg at det ikkje kunne vere tid for lunsj enno.
: Oslo er ein by full av gravide kvinner. På båten til Hovedøya på søndag telte eg 8 meir og mindre høggravide kvinner. Prevensjonsbransjen må gjere det dårleg for tida.
: Siv Jensen har fått ufortjent mykje positiv omtale i det siste. Siv Jensen har såvidt eg kan skjøne ikkje fortent nokon positiv omtale i det heile tatt.
: Øl er godt.

1 Comments:
Å dø under ein bil fullasta med Cæsaristar, må jo være alt anna enn framifrå! Sjølv har eg tidlegare nesten blitt kvesta av to teite bilar: Ein sjukebil og ein gravferdsbil.
Legg inn en kommentar
<< Home