søndag, april 02, 2006

"Hei. Eg er ei merkevare."

For ei tid tilbake møtte eg i fagleg lag ein assosiert kollega. Etter litt mingling og skvalder kom det fram at denne unge kvinna skulle gifte seg til sommaren. Og etter enda litt meir skvalder kom det fram at vi ikkje hadde nokon ting å prate om. For å tette den pinlege stilla spurte eg henne litt meir om det foreståande giftarmålet, noko ho meir enn gjerne ville prate om.

- Kirke og familie, sa ho.
- Romantisk og tradisjonelt, la ho til.
- Men eg vil halde på etternavnet mitt. Eg trur ikkje det er strategisk av meg å ta navnet hans. Mitt navn er jo trass alt ei merkevare.

Merkevare. Ditt navn, ei merkevare. Munnvikene mine begynte å rykke i alle retningar, eg måtte sjå ned i glaset og tenke på Anita Apelthun Sæle for ikkje å le.
Med respekt å melde, kjære Aftenposten-journalist. Du er ikkje ei merkevare. Zalo er ei merkevare. Husquarna er ei merkevare. Sony, Friele og Nidar Bergane er alle merkevare, på same måte som Lidl, Coca Cola og Microsoft. Av personar som til nød kan passere som merkevarer, er det Madonna, Bono og J.K. Rowling som umiddelbart stikk seg fram, sjølv om J`Lo er ein seriøs bobblare.

Eg skal være med på at arbeidsgjevaren din, Aftenposten, kanskje er ei merkevare. Men ikkje du, lille. Du er sikkert ein flink journalist. Men du kan trygt ta navnet til festarmannen din, for noko merkevare blir du aldri. Og det trur eg jeggu meg du eigentleg kan være glad for.

2 Comments:

Blogger Frk. Spik said...

Hipphipp hurra!

problemstillingar eg er glad for er totalt fråverande i min kvardag:

- kyrkjebryllup?
- Kven skal eg gå opp kyrkjegolvet med? Far, forlovar eller framtidig ektefelle?
- Movikja eller fosshalla?

Eg lurer på... Når namnet er ei såkalla merkevare, har ein tatt patent på det eller registrert seg i brønnøysundregisteret?

9:34 a.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Eg vil for hennar del håpe ho har tatovert ein liten "TM" på rompa...

2:09 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home