Uaktuelle problemstillingar
Små og store problem kan være som krydder i kvardagen.Det er stas å gremme seg, for all del, men det er og viktig å definere enkelte problemstillingar som direkte uaktuelle.
Følgande er døme på absolutt uaktuelle problemstillingar:
- Skal eg velge sukat eller apsikat i bolledeigen? Eller kanskje begge deler?
- Å nei, det er 20-års-grense her!
- Eg kan ikkje være med på kino, må heim og lufte hundane.
- Skal eg være stille og søt eller mystisk og grasiøs når eg er på byen?
- På kva side av bilen er bensinlokket?
- Eg er jo eigentleg med på Geir, men i går rota eg med Joakim!
- Kvar i alle mine krigsdagar har det blitt av Mari Boine-plata mi?

7 Comments:
jeg ville valgt apsikat, uten å nøle. bensinlokket er jeg helt desperat etter å finne ut av hvor er når jeg setter meg bak rattet i et nytt bilbekjentskap. og mari boine-plata mi ga jeg til en venninne i recife.
problemstillinger jeg sjelden-eller-aldri sliter med:
*hva skal barnet hete?
*grill eller wiener?
*ekte eller plastikkjuletre i år?
*fugl, fisk eller midt imellom?
men guider disse antiproblemstillingene meg i hverdagen? tja. det spørs. muligens de to første.
Kva er apsikat?
Apsikat er sukatens like onde fetter. Brukast gjerne i gjærbakst, når denne skal øydeleggast av ein liten dæsj djeveles verk. I motsetnad til sukatet, hvis opphav er ukjend, stammar apsikatet fra appelsina.
Kære Doktor Bergström, jeg må nok øjeblikkeligt arrestere Dem når De sier at "sukatets opphav er ukjendt". Et enkelt Googlesøk kan nemligen bekræfte, at sukat lages av den gammelhebræiske frugt cedrat. Da denne frugt er vond at opdrive på vores bræddegrader, kan den også med held fræmstilles af græskar. Prøv en lækker flødebolle med hjemmelavet sukat i DAG!
Av og til, kjære Audinho, synes eg Platons idéverd fungerer som ei grei referanseramme for kor vidt noko er verkeleg eller ikkje. Jfr champagnesmaken i champagnebrus. Den peikar liksom ikkje til ein klar og tydeleg idé der oppe. (Det er ikkje dermed sagt at den ikkje eksisterer.) På same måte er det med sukatet. Ideen sukat må seiast å være svær uklar, når vi begynner å dra inn alt fra den gammelhebræiske frugt cedrat, til graskar, kreti og pleti. Eg skulle gjerne vore ein hard platonist, og seie at "ideen sukat er svært ullen. Difor finnast heller ikkje sukatet her nede".
(Og ja, det er ei stund sidan eg tok x-fil.)
Eg støttar med til den sjølvutnevnte platonist, ideen sukat er i det heile tatt ein særs dårleg ide. Eg fryktar at den onde lille sukat har eit slektskap med den minst like onde Sukett. Er dette slektskapet etymologisk eller genetisk?
Høgst genetisk & jommen klassisk bibelhistorie & ; Sukat begat Sukett, Sukett begat Suchette, Suchette begat Serviett & Serviett begat Servostyring. Ein må ikkje gløyme å kryssjekke med den store boka..
Legg inn en kommentar
<< Home