Er ingenting heilag lenger?
På sjølvaste dagen, då alle bundne trellar skal reise seg, stryke kristenkorset av sitt flagg og heise det reint og raudt, var det kniktar på ferde. Dei bana seg inn på arbeidsplassen min, der eg daglig er i kontakt med både storkapitalen, kameratar og meg sjølv, og stal det einaste produksjonsmiddelet mitt. Tjuv-kniktar! Aahrg!
Og akkurat då den lekre, sylslanke pcen blei røska ut av veggen og rått bortført av usle revisjonistar, kvar var denne arbeiderska?
Jau, det kan eg fortelle. Sjølv om eg skjems i dag. Eg var her.
Neste år skal eg feire arm i arm med Per Sandberg og Siv Jensen.

1 Comments:
Du treng ikkje skjemmast, for du er ikkje aleine om å ikkje vere revolusjonær korrekt på 1.Mai. Andre krekser var opptatt med å ete småborgarleg rullekake og drikke parasoll-drinkar, av den enkle grunn at dei var trøytte, forsov seg til toget og syntest at det var dårleg ver.
Legg inn en kommentar
<< Home