Då eg møtte Carl Ivar
Økonomi og EDB var slettes ikkje det kjekkaste eg visste. Innimellom vart eg rett og slett overmanna av ei slik ekstrem ulyst på dobbeltime med debit, kredit og den forvorpne eksempelfamilien "Nor", at eg rett og slett måtte gå min veg.Slik var det ein tidleg haustdag i 1995. Sekk på rygg, og vekk var eg. Då eg kom til torget ved Langebrua, møtte eg ei spredt, lita gruppe med andre skulkande, samt eit og anna surt tryne med Felleskjøpetcaps. Og i utkanten sto ein person som fanga merksemda mi: Han hadde blå, eksklusiv dress. Sko i krokodilleskinn. Fancy solbriller. Og den tynnaste, gulaste, mest impotente rullings du kan tenke deg, som dingla frå den gullbefengte handa. Og brått snudde han seg. Iiik! Redsel og gru! Styggare enn på bilete! For ei straffedom!
Moralen er: Carl I Hagen vil at alle skal ha økonomi og EDB. Straffa for å ikkje ville lære økonomi og EDB er å møte Carl I Hagen.
I røynda er han forresten svært skalla. Eg veit framleis ikkje korleis han klarer å skjule det så godt.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home