torsdag, mai 31, 2007

Hald kjeften, bladfyk. (Eller: slikt blir det kreksing av.)

Det hende ein gong på seinsommaren i 2004. Eg var på ingen måte ein røynd journalist, men hadde fått ein frilansjobb eg følte var fem nummer for stor for meg, og intervjua ganske kjend musikar (gkm) som snart kom med plate. Intervjuet gjekk trått, eg kvitra og noterte, gkm var mutt og taus, men det vart då ein ok einsider av det.

Trudde eg. Men då eg fekk magasinet i posten ei veke før det kom i butikken, oppdaga eg for første gang kva ein desk kan finne på å gjere.
Ingressen var omtrent som følger: "Gkm blir melankolsk om hausten. Slikt blir det plate av. "

Den neste halvtimen etter denne grufulle oppdaginga rulla eg rundt på golvet i rein skam.

(Eigentleg trudde eg at eg var ferdig med å krekse om dette etter å ha lagt igjen ein kommentar hos S, kor han rasar om pressa, og eg rasar med, men nei. Slik var det altså ikkje.)

Aversjonen gjeld for øvrig ikkje berre plater. Også standarformularene "Slikt blir det film av" og "Slikt blir det bok av" kan også berre gå og kaste seg utfor næraste skrent og aldri kome attende.

Sjå berre her, her og her. Og over alt ellers, der ungdom ferdast.

Men i staden for å ergre meg, og rulle rundt på golvet som eit raudt eple, skal eg gå over til fienden. Frå no av vil eg avslutte alle, absolutt alle ingressar på dette viset. Ah, det skal bli kjekt. Men først må eg øve meg litt:

  • Stian Grimseth tok på seg sokken på vrangen ein dag. Slikt blir det gode vaflar av.
  • Sondre Lerche fann ut at han likar kvite knott betre enn brune. Slikt blir det plate av.
  • Ida har ein eks som ser ut som Gollum. Slikt blir det bitter kvinne av.
  • Gro Dahle tok på seg ein stripete tights. Slikt blir det bok av.
  • Mikkel Rev skreiv et brev. Slikt blir det barneplate av.
  • Tante Reidun kjøpte ballerinakostyme. Slikt blir det Svanedans av.
  • Vendela Kirsebom flytta til Flokeneset, og arva ein banjo. Slikt blir det plate av.
  • Trond Giske tok seg ei skjeve med Nugatti. Slikt blir det kulturpolitikk av.
  • Gaahl skaffa seg Fragglane på DVD. Slikt blir det fine heklesjal av.
  • Arnulf Øverland returnerte frå dei daude, og gjekk på Brann-kamp. Slikt blir det hard punk av.
  • Dronning Sonja fekk profil på Facebook. Slikt blir det kunst av.
  • Eli Hagen rafta i Sjoa. Slikt blir det prima spekeskinke av.

Ah, dette kan bli kjekt.
Slikt blir det Pulitzer-pris av.

torsdag, mai 24, 2007

Kreksene gler seg

Kreksene vil med dette kunngjere at dei gler seg til Frk. Fjas kjem til Oslo.

Når dette inntreff, bli ikkje forbausa om følgande vert å lese i Firda:

"To kvinner i 20-åra vart i går funnen døde i ein bupæl i Gamlebyen i Oslo. Kvinnene vart funne ved ein tom kartong kvitvin, innkjøpt på Gardermoen. Politiet er sparsomme med opplysingar om saka, men etter det Firda erfarer skal begge kvinnene ha blitt funne på golvet, liggande i ein tvekroka positur. Den eine skal ha heldt seg på magen, og peika på den andre då døden inntrefte.

Begge var av uviss grunn iført raude strikkejakker.

Då politiet kom til staden rauk det framleis av oskebegeret. I det tilstøytande rommet vart det funnen ein plastsekk med ein megafon, ymse rytmeinstrument og ein fløyelshatt. Ut i frå dette arbeidde politiet i byrjinga ut frå ein teori om at kvinnene livnærer seg som omreisande gjøglarar, muligens at dei er av romani-ætt. Men ettersom den yngste kvinna har eit tannsyndrom som tidlegare kun er observert i Naustdal i Sunnfjord, og den andre kvinna skal ha ytre kjenneteikn som utvilsamt kun er foreinlege med norsk avstamming, har politiet no gått vekk frå denne teorien.


Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt i saka."

onsdag, mai 23, 2007

Denne vekes Dum, Teit

Denne vekes Dum, Teit går til den unge, framstormande, reklamebransjearbeidande, dresskledde karen med Stockholmsveis som deltok i 30-årsdag på Sandaker sist helg.

Under velkomst-talen ba verten alle finne seg godt til rette, forsyne seg av cava og tapas, og ellers ha ein framifrå kveld. Han ba også om orsaking for at han hadde fosskokt dei 120 pølsene som skulle gjere tjeneste som nattmat, slik at dei fleste hadde gått ut av sitt gode skinn.

Vinnaren av prisen er den unge, reklametilsette mannen, som ropte ut følgande:
- Yes, da blir det jeeeeeentepølser!

Juryen har i kåringa av denne vekes Dum, Teit lagt vekt på at utsegnet vart ropt ut svært tidleg på kvelden, på eit tidspunkt då ingen eigentleg burde være særleg fulle, samt at det var omlag 60 menneske til stades.

Dette var skikkeleg Dumt og Teit sagt, og Kreksene gratulerer!

(Vi vil likevel takke prisvinnaren. Etter dette er det umogleg å ha fylleangst.)

fredag, mai 11, 2007

Ei urban myte...

Eg og Greg fann 900 kroner i vegen utanfor huset vårt. Først fann vi ein 200-lapp og sidan resten (2 200-lappar og 3 100-lappar). Etter den første 200-lappen tenkte eg å behalde den, men då eg oppdaga at det var snakk om såpass mykje pengar kverna den gyldne regelen i hovudet mitt. Smart som eg er la eg ein lapp der det stod "Har du mista noko her ca kl 20? Ring 97513602".

I eit par timar var vi glade vi ikkje hadde høyrt noko, men til slutt ringte eit ukjent nummer. I andre enden høyrte eg ein gut som var noko oppskaka. Eg spurte kva han hadde mista og han svarte "pengar! masse pengar!" "Kor mykje var det snakk om?" spurde eg så, og sidan han visste det korrekte beløpet rekna eg med han var den rettmessige eigaren. 5 minutt seinare traff vi han og han var altså ein 20 år gammal skater som var VELDIG glad for å få tilbake pengane sine.

Vi hadde riktignok håpa å få ei aldri så lita finnarløn, men det får heller vere. Det gode samvitet er jo også betaling. Dessutan håpar eg Gud fekk dette med seg og at vi får klekkeleg løn i Himmelen!

kva skjedde?

var det facebook som drepte bloggen vår? eller tidsklemma? skrivesperra?